Engelen Rafael
Rafael er ein engel som er blitt rekna for ein helgen i den kristne kyrkja. Den katolske kyrkja reknar han som ein erkeengel, sjølvom Bibelen berre nemner erkeengelen Mikael som erkeengel.
Rafael | |
Heilage Rafael av Bartolomé Esteban Murillo | |
Helgendag | 29. september; 24. oktober (lokale kalendrar og for dei som bruker Calendarium Romanum Generale 1921-1969); 3. kouji nabot,[1] 13. koiak (koptisk kristendom) |
---|
Namnet Rafael kjem frå hebraisk רפאל og tyder Gud har heila eller Gud lækjer. Ut frå tydinga av namnet er han identifisert som engelen som rørte vatnet i Betesdadammen [1]. Rafael er dessutan nemnd i Dei apokryfe skriftene i Tobits' bok 3,17 [2] og 5,4 [3]. Han er engelen som tok seg av Tobias på reisa hans, og er eit døme på verneengelen som fylgjer alle menneske gjennom livet.
Rafael vart æra alt i den eldste kyrkja, spesielt i aust.
Rafael er vernehelgen for reisande, pilegrimar, apotekarar, lækjarar, gruvearbeidarar, skipperar, taktekkarar, tyske utvandrarar, ektefolk og elskande.