Enniskillen er den største byen i County Fermanagh i Nord-Irland. Han ligg midt i fylket, på øya som skil øvre og nedre del av Lough Erne. Byen var administrasjonssenter for det tidlegare distriktet Fermanagh. Enniskillen hadde 13 823 innbyggjarar ved folketeljinga i 2011.[2]

Enniskillen
irsk Inis Caeithleann
ulsterskotsk Inniskillin[1]
by
Land  Nord-Irland
Fylke County Fermanagh
Distrikt Fermanagh and Omagh
Areal 13,011 km²
Folketal 13 599  (2001)
Kart
Enniskillen
54°20′41″N 7°38′20″W / 54.344722222222°N 7.6388888888889°W / 54.344722222222; -7.6388888888889
Wikimedia Commons: Enniskillen

Namnet Enniskillen kjem frå irsk Inis Ceithleann, 'øya til Cethlenn'. Dette viser til Cethlenn, ein figur frå irsk mytologi som ifølgje soga blei såra i slag av ei pil og prøvde å symja over elva Erne, men ikkje kom seg over. Øya i midten av elva blei difor kalla opp etter henne. Det finst talrike engelske stavemåtar gjennom historia – Iniskellen, Iniskellin, Iniskillin, Iniskillen, Inishkellen, Inishkellin, Inishkillin, Inishkillen og så vidare.[3]

Bombinga av Enniskillen endre

Fram til 1987 hadde Enniskillen vore nokså lite råka av konflikten i Nord-Irland. På Remembrance Sunday, i november 1987, sprengde Det provisoriske IRA ei bombe i byen som drap 11 tilfeldige sivile. Eit av offera var sjukepleiaren Anne-Marie Wilson, og faren hennar Gordon Wilson blei etter tragedien ein leiar i arbeidet for fred i Nord-Irland. PIRA hevda seinare at målet deira hadde vore ei avdeling britiske soldatar som deltok i markeringa av Remembrance Sunday. Enniskillenbomba har i ettertid blitt sett på som eit vegskilje i den irske fredsprosessen, ettersom ho førte til ei isolering av den mest radikale delen av PIRA og ei styrking av meir moderate krefter som ønskte å forhandla. I 1997 kom Sinn Féin-leiaren Gerry Adams med ei offentleg orsaking for bomba.

Kjelder endre

  1. «Home» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 25. oktober 2013. Henta 19. juli 2011. 
  2. «Census 2011 Population Statistics for Enniskillen Settlement». Northern Ireland Statistics and Research Agency. Arkivert frå originalen 26. juni 2020. Henta 5. mars 2018. 
  3. «Inis Ceithleann/Enniskillen». Placenames Database of Ireland (logainm.ie). Department of Culture, Heritage and the Gaeltacht and Dublin City University. Arkivert frå originalen 31. juli 2020. Henta 7. juli 2020. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Enniskillen