Ephraim Wolff Koritzinsky

Ephraim Wolff Koritzinsky (18831942) var ein svenskfødd norsk jødisk kirurg som blant anna arbeidde som overlege ved Sjukehuset i Kristiansund (1920–33) og ved Trondhjem Sykehus (1933–41). Han var kjend som ein rettskaffen og frittalande mann.

Ephraim Wolff Koritzinsky
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. juni 1883
Karlstad
Død

15. mai 1942 (58 år)
Levanger kommune

Yrke kirurg
Religion Jødedommen

Ephraim Wolff Koritzinsky vart fødd i Karlstad i Värmland i 1883 av foreldra Abraham Josef Koritzinsky (1858–1928) og Pauline Abrahamson (1858–1908). Han gjekk på skule i Hamburg frå 1894 til 1898 og tok norsk artium i 1901. Han avla medisinsk embetseksamen i 1909. Frå 1912 kombinerte han eigen privatpraksis med eit årsvikariat ved Sjukehuset i Kristiansund. Under første verdskrigen arbeidde han først ved Nordland Amtssykehus i Bodø og deretter i München og Bonn. I 1917–19 arbeidde han ved Ullevål kirurgiske avdeling.

Kristiansund endre

I 1920 vart Koritzinsky tilsett som overlege ved Sjukehuset i Kristiansund, og han heldt fram i denne stillinga til 1933. I arbeidet sitt ved sjukehuset la han vekt på å behandle folk uansett sosial bakgrunn og utan å krevje betaling frå dei fattigaste. Han la stor vekt på å utbetre helsetenestene og tilbodet i byen.

I 1927 gjekk Koritzinsky til injuriesøksmål mot redaktøren av det antisemittiske tidsskriftet Nationalt Tidsskrift og vann på alle punkt. Redaktør Sylten vart dømd til 50 dagar betinga fengsel, 400 kr i saksomkostningar og til å sette heile dommen på framsida av Nationalt Tidsskrift innan to veker etter domsavseiinga.

I 1932 hadde Sjukehuset i Kristiansund kjøpt inn laken utanbys for å sikre best mogleg kvalitet med rimelegast mogleg pris i dei økonomisk tronge tidene. Etter at borgarmeister Anton Næss, som insisterte på at alle innkjøp skulle skje innanfor kommunen, ikkje ville late denne saka vera etter at sjukehuset hadde gjort greie for seg fleire gonger, leverte dr. Koritzinsky ein formell klage med påfølgjande utdjuping til Kristiansund formannskap der han blant anna skreiv: “[...] det [må] være berettiget å si fra når beskyldninger grunnløst rettes mot en institusjon, og når det er fare for at borgermesteren ved sin opptreden istedenfor å gagne byens interesser i disse vanskelige tider, nærmest må sies å gjøre det motsatte.” Borgarmeister Næss gjekk da til sak mot dr. Koritzinsky og kravde at uttalelsane måtte kjennast daude og makteslause. Borgarmeisteren tapte saka ved einstemmig dom og vart dømd til å betala saksomkostningar til den saksøkte og til statskassen.

Ei av dei siste sakene overlege Koritzinsky arbeidde med i Kristiansund var å sikre at det fanst ein skikkeleg driven fødeheim i byen. Ettersom Kristiansund kommune hadde vorte sett under offentleg administrasjon på grunn av økonomiske problem, hadde det vorte vanskeleg å sikre god drift av Raude Kross-heimen, som hadde vore driven med kommunal støtte. Overlege Koritzinske tok da kontakt med St. Carl Borromeussøstrene i håp om at dei kunne ta over drifta. Løysinga vart at borremeussøstrene starta ein ny fødeklinikk, Stella Maris fødeklinikk, i Nordmørsgt. 3 (seinare Flintegt. 5). Denne fødeklinikken, som òg var bustad for nonnene, var i bruk frå 1935 og fram til 1956, da det vart oppretta fødeavdeling på sjukehuset.

Trondheim endre

Ikkje lenge etter rettssaka flytta dr. Koritzinsky til Trondheim, der han fekk stilling som kirurgisk overlege og sjukehusdirektør ved Trondhjem Sykehus. Han gifta seg med enkja Elisabeth Heide, f. Müller (1901–1982) frå Kristiansund, og dei fekk fem born saman:

  1. Erik Wolff Koritzinsky (f. 1933)
  2. Eva Koritzinsky (f. 1935)
  3. Else Koritzinsky (f. 1939)
  4. Elisabeth Koritzinsky (f. 1939)
  5. Theo Koritzinsky (f. 1941) – stortingsrepresentant for SV

Ephraim Wolff Koritzinsky vart arrestert av dei nazistiske myndigheitene den 1. desember 1941. Under fengselsopphaldet fekk han kreft. I staden for å bli deportert vart han overført til Levanger sykehus, der han døydde den 15. mai 1942.

Kjelder endre