Epiphany

Epiphany er ein nettlesar. Den er standard nettlesar for skrivebordsmiljøet GNOME, men den er og tilgjengeleg for Mac OS. Epiphany er etterfølgjaren til Galeon.

Epiphany
Epiphany.svg
Epiphany 2.18.2 en.png
Skjermbilete av Epiphany 2.18.2
SkaparMiguel de Icaza
UtviklarOpera Software
LisensGNU General Public License

Epiphany nyttar den Mozilla utvikla Geckomotoren for å syne nettsider. Epiphany støttar fanebasert surfing, cookie-håndtering, popup-blokkering og eit utvidingsystem. Vanlege utvidingar er tilgjengeleg med programvarepakka epiphany-extensions.

Medan dei fleste nettlesarar har eit hierarkisk katalogbasert system for favorittar, nyttar epiphany kategoriserte favorittar, der ein enkelt favoritt kan eksistere i fleire kategoriar. Spesielle kategoriar inkluderer favorittar som vert ofte nytta og bokmerke som enno ikkje har blitt kategorisert. Eit liknande favoritt-system er planlagt for Firefox 3.0.

Epiphany vart utvikla frå Galeon av Marco Pesenti Gritti som og starta Galeon-prosjektet. Målet med Epiphany er å lage et fullstendig GNOME tilpassa nettlesar med ein enkel brukaroppleving. Som eit resultat har ikkje Epiphany egne tema-innstillingar. Som Firefox nyttar det GNOME sine innstillingar som er spesifisert i GNOME Control Center.

Sjå ogEndra

BakgrunnsstoffEndra