Epte

elv i Frankrike

Epte er ei elv i Seine-Maritime og Eure i Normandie i Frankrike. Ho er ei av sideelvane til Seinen frå høgre. Elva har sitt utspring i Seine-Maritime i Pays de Bray, nær Forges-les-Eaux, og munnar ut i Seinen ikkje langt frå Giverny.

Epte
elv
Epte ved Gisors
Land  Frankrike
Nedslagsfelt 1 403 km²
Lengd 113 km
Middelvassføring 9,8 /s
Kjelde Normandie
 - høgd 190 moh.
Munning Seinen
Kart
Epte
49°03′40″N 1°31′42″E / 49.061111111111°N 1.5283333333333°E / 49.061111111111; 1.5283333333333
Wikimedia Commons: Epte

I 911 etablerte Saint Clair-sur-Epte-traktaten elva som den historiske grensa mellom Normandie og Île-de-France.

Måleri av Claude Monet frå 1899 av ei sideelv til Epte

Claude Monet budde i Giverny nær elva i meir enn 40 år. I hagen hans rann ei grein av Epte, og han oppretta ein vasshage med sine vidkjende vassliljer og brua i japansk stil. Elva er med i fleire av måleria hans, mellom anna Peupliers au bord de l'Epte.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Epte