Ercolano

kommune i Italia

Ercolano er ein by i provinsen Napoli i regionen Campania i Italia og har om lag 55 000 innbyggjarar.

Ercolano
by
Hovudgata i Ercolano
Land  Italia
Region Campania
Provins Napoli
Areal 19,89 km²
Folketal 50 124  (1. januar 2023)
Borgarmeister Gaetano Daniele
Postnummer 80056
Retningsnummer 081
Kart
Ercolano
40°48′24″N 14°21′09″E / 40.806791666667°N 14.352608333333°E / 40.806791666667; 14.352608333333
Wikimedia Commons: Ercolano

Ercolano vart kalla Herculaneum fram til 79 e.Kr. og Resina fram til 1969. Han vart truleg grunnlagd av oskarar, ei italisk stamme på 700-talet fvt., og kom seinare under både etruskarar og samnittar. Under romarane vart byen ein kjend feriestad der nokre av dei rikaste innbyggjarane i Roma ferierte om sommaren. Etter utbrotet til Vesuv i å 79 e. Kr. vart byen forlaten og var stort sett folketom dei neste tusen åra. I motsetnad til innbyggjarane i nabobyen Pompeii vart innbyggjarane i Herculaneum kvelt til døde av dei giftige gassane og ikkje gravlagd i oske. Byen vart delvis brend ned av den varme gjørma. Rundt år 1000 byrja folk å flytte tilbake att og heilagdomen Castel di Resina vart bygd. I 1709 vart dei gamle ruinane av byen oppdaga i lag med Pompeii.

I 1969 vart namnet endra frå Resina til Ercolano for å ære det gamle namnet på byen og i dag er Ercolano ein del av storbyområdet til Napoli.

Herculaneum er i dag ein del av UNESCO si verdsarvliste.

Kjelder

endre