Erik Guay

Erik Guay (fødd 5. august 1981) er ein kanadisk tidlegare alpin skirennar. Han vann i 2010 FIS-premien som årets best super-g-rennar, i 2011 vart han verdsmeister i utfor og i 2017 i super-g.

Erik Guay

Erik Guay Hinterstoder 2011.jpg

Statsborgarskap Canada
Fødd 5. august 1981 (41 år)
Montreal
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2014

AktivEndra

Guay fekk sin verdscupdebut 10. desember 2000. Under verdsmeisterskapen 2003 i St. Moritz overraska han med sjetteplass i så vel utfor som super-g. Tidleg i 2004-sesongen kom han for fyrste gongen på pallen i verdscupen, han vart då nummer 2 bak Michael Walchhofer i utforrennet i Lake Louise.

24. februar 2007 vann Guay sitt fyrste verdscuprenn, utforrennet i Garmisch-Partenkirchen. På tampen av 2010-sesongen sigra han i to super-g-renn, fyrst i Kvitfjell og deretter i Garmisch-Partenkirchen. Triumfane førte han til topps i super-g i FIS-turneringa. I ein elles svak sesong, smekka Guay til og sikra seg gullmedaljen i utfor då VM i alpine greiner 2011 fann stad i Garmisch-Partenkirchen. I 2014-sesongen vann to utforrenn i verdscupen.

Under verdsmeisterskapen 2017 i St. Moritz vann Guay gullmedaljen i super-g, fire dagar seinare tok han sølvmedaljen i utfor. Han sleit med ryggsmerter i 2018-sesongen og la opp i november 2018.