Opna hovudmenyen

Erik Thorstvedt

norsk fotballspelar

Erik Thorstvedt (fødd 28. oktober 1962) i Stavanger) er ein norsk tidlegare fotballspelar. Han var målvakt og aktiv på nasjonalt og internasjonalt nivå frå 1981 til 1996. Thorstvedt debuterte i på det norske fotballandslaget i ein kamp mot Kuwait (Resultat: 0–1) 13. november 1982. Han var førsteval mellom målstengene på landslaget i 13-14 år, og spela 97 A-landskampar, den siste i 1996.

Erik Thorstvedt
Tva skoleturne047 (6188654618).jpg
Fødd 28. oktober 1962
Stavanger kommune
Yrke fotballspelar
Erik Thorstvedt på Commons

Thorstvedt spela for klubbane Madla, Eik, Viking, Borussia Mönchengladbach, IFK Göteborg og Tottenham. Han var tapande cupfinalist med Viking i 1984 – ein kamp som vert særleg hugsa grunna eit frisparkmål av Per Egil Ahlsen. Sidan var han med å vinne to svenske seriemesterskap for IFK Göteborg, og vart i 1991 den første nordmann som vart cupmeister i England med Tottenham. Thorstvedts keeperdrakt og FA-cupmedalje er i dag utstilt på FotballmuseetUllevaal stadion.

Etter han slutta som spelar var Thorstvedt keepertrenar på det norske landslaget og sportsdirektør i Viking. I dag er han programleiar i sportsavdelinga i fjernsynsselskapet TV2.