Erkeengelen Mikael

Erkeengelen Mikael, i kristen tradisjon òg kalla Sankt Mikael, er etter tradisjonen den fremste av englane. I katolsk tradisjon er han etter jomfru Maria den fremste av helgenane, men til forskjell frå dei andre helgenane er han ein engel, og har aldri levd som menneske. ) Erkeengelen (eller overengelen) Mikael er nemnd i Judas' brev 9. Mikael er nemnd saman med engelen Gabriel i Koranen kap. 2,92.

Erkeengelen Mikael

Helgendag8. november, 29. september, 19. september
Erkeengelen Mikael, ikon
St. Mikael på våpenskjold frå Wien-Heiligenstadt

Sankt Mikael har minnedag ved mikkelsmesse den 29. september.

Historia endre

Mikael er sterkt knytt til endetida. Han er nemnd i Johannes' openberring 12,7 som leiaren for englane som i endetida skal gå til strid som den store draken, han som vert kalla djevelen og Satan. I tida for kristninga av Noreg, rundt år 1000, var det i den kristne verda mange som meinte at endetida var nær. Derfor vart mange av kyrkjene som vart bygde i Noreg like etter det første tusenårsskiftet vigde til Sankt Mikael.

I følgje ei legende vart den første Mikaelskyrkja vigsla i Chonae i Frygia av apostlane Johannes og Filip. Mange mikaelskyrkjer vart innvigde i hòler, sidan folk meinte hòler var inngangar til dødsriket, og Mikael var den som skulle overvinne dødsmaktene. Andre Mikaelskyrkjer vart bygde på høgder.

Kjende Mikaelskyrkjer er kyrkja på Garganofjellet i Sør-Italia, kyrkja på klippeøya Mont-Saint-Michel i Normandie og mikaelskyrkja på Slottsfjellet i Tønsberg.

Byen Arkangelsk i Russland er oppkalla etter erkeengelen Mikael.

Mikael sine oppgåver endre

Etter kristen tradisjon har Mikael fire ansvarsområde:

  • Det første er å slåst mot Satan.
  • Det andre er å redde sjelene til dei som trur frå fienden, spesielt i dødstimen.
  • Det tredje er å vere forkjempar for Guds folk, jødane i Det gamle testamentet, kyrkja og dei kristne i Det nye testamentet.
  • Det fjerde er å hente sjelene til doms.

Framstilling i kunsten endre

Der kom ferdi sunnan til
og den reid no saa tvist,
fyri reid sankte saale Mikkjel,
- næste Jesum Krist.

Ded var sankte saale Mikkjel
han blés i lur'en den lange:
og no skal alle synde-saalinne
fram fer domen stande!

Ded var sankte saale Mikkjel
han vóg i skaalevigt,
saa vóg han alle synde-saalinne
hen til Jesum Krist.

Frå Draumkvedet, etter M.B. Landstad

Mikael vert ofte framstilt med eit sverd og som ein som trår draken under fot. Andre gonger er han framstilt med ein trompet, sidan han skal vekke sjelene i dødsriket, eller med ei skålvekt, sidan han er den som skal vege sjelene.

Denne Sålemikkjel som bles i luren lange er nemnd i Draumkvedet som den som rid nærast Jesus Kristus.

Mikael som helgen endre

Keisar Karl den store hevda at Mikael hadde hjelpt han til suksess, og bad paven stadfeste Sankt Mikael som rikshelgen for heile riket hans. Paven fastsette samtidig 29. september som offentleg festdag for Mikael i heile den kristne verda.

Jeanne d’Arc meinte ho var utpeikt av Mikael til å redde Frankrike frå England.

Gulatingslova fastset at Mikkelsmesse skal feirast som heilagdag. Frostatingslova påbyd samtidig at folk skal gje mikkelskorn til dei fattige på denne dagen.

St. Mikael er vernehelgen for Den katolske kyrkja, for Brussel; for dei sjuke, kurerar, kolonialhandlarar, tilsette på supermarknader, apotekarar, bakarar, banktilsette (1958), dreiarar, glassmeistrar, målarar, radiomekanikarar, radiologar, radioterapeutar, skreddarar, forgyllarar, bly- og tinnstøyparar, vegarar, vognmakarar, soldatar og riddarar, fallskjermjegarar, Mikael-ordenen, kyrkjegardar, sjelene, dei daude; ved dødsfare; mot pest; ved militære slag; mot freistingar; mot tore og anna uver, mot truande storm til sjøs.

Erkeengelen Mikael i måleri endre

Kjelder: endre