Erki Nool

estlandsk politikar

Erki Nool (fødd 25. juni 1970) er ein estisk politikar og tidlegare friidrettsutøvar frå Võru. Han vart europameister i tikamp i 1998 og olympisk meister i same øvinga i 2000. Nool var 2007-15 medlem av folkeforsamlinga i Estland, vald på programmet til den høgreorienterte Fedrelands- og folkeunionen.

Erki Nool

Statsborgarskap Sovjetunionen, Estland
Fødd 25. juni 1970 (53 år)
Võru
Yrke politikar, friidrettsutøvar, friidrettstrener
Språk estisk
Høgd 184 centimeter
Politisk parti Fedreland
Erki Nool på Commons

Idrett endre

Nool var ein av dei fremste tikjemparane i verda frå midt på 1990-talet. Frå friidretts-VM 1995, då han kom på fjerdeplass med 8 268 poeng, var han medaljekandidat i alle dei store meisterskapane i ei tiårs tid. Med 8 667 poeng sikra han seg gullmedaljen då europameisterskapen fann stad i Budapest i 1998.

To år seinare opplevde Nool det absolutte høgdepunktet i si tid som idrettsutøvar. Under sommarleikane i Sydney hausten 2000 vann han gullmedaljen etter å ha oppnådd 8 641 poeng, 35 fleire enn Roman Šebrle frå Tsjekkia. Sigeren førte til at Nool vart ein folkehelt i Estland. Dei to dagane tikampøvinga føregjekk, hadde borna i Estland fri frå skulen, slik at dei kunne fylgje tikampen via fjernsynsskjermen. Då han kom heim frå Sydney, møtte kring 80 000 menneske opp i Tallinn for å hylle olympiameisteren.

Poengmessig gjorde Nool sin aller beste tikamp under VM 2001 i Edmonton. Han tok då sølvmedaljen med 8 815 poeng, tjekkiske Tomáš Dvořák vann med 8 902 poeng. I 2002 Nool vann ei ny sølvmedalje, også i friidretts-EM 2002 måtte han sjå ein tsjekkar framfor seg på resultatlista, førnemnde Roman Šebrle revansjerte seg for «tapet» i Sydney-OL.

Nools sterkaste tikjemp-grein var stavhopp, der han i ei tevling tok seg over 5,60 meter. Under Götzis-tikampen i 1995 var han beste lengedhoppar med eit hopp på 8,10 meter, framleis estisk rekord i lengde i 2015.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Politikk endre

Frå 2007 til 2015 representerte Nool det konservative partiet Isamaa ja Res Publica Liit (Ferdelands- og folkeunionen) ved Riigikogu, det estiske parlamentet.

Kjelder endre