Erling Aas-Eng

norsk politikar

Erling Aas-Eng (fødd 9. januar 1965) er ein norsk lokalpolitikar som representerer Senterpartiet. Han var ordførar i Tolga kommune i Hedmark fylke frå 2007 til 2011.

Erling Aas-Eng
Fødd9. januar 1965 (59 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedNoregs miljø- og biovitskaplege universitet
VervOrdførar i Tolga 2007-2011
FøregangarMarit Gilleberg
EtterfylgjarRagnhild Aashaug
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (1993–1997)
  • ordførar i Tolga (2007–2011) Sjå dette på Wikidata

Aas-Eng har vore med i kommunestyret for Senterpartiet sidan 1995.[1] Han har også vore i sentralstyret i Senterungdommen, vore nestleiar i Hedmark Nei til EU og vore vararepresentant til fylkestinget.[1] I 2015 blei han vald til leiar i Hedmark Bondelag.[2] Han er også tillitsvald i Bondelaget.

Aas-Eng er sivilagronom frå Noregs landbrukshøgskuleÅs og driv mjølkeproduksjon på Telneset. Han er seniorrådgjevar i Rådhuset Vingelen.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Jon Iver Grue (17. august 2010). «– Tar ikke gjenvalg». Østlendingen. Henta 11. oktober 2015. 
  2. Ståle Johan Berg (18. mars 2015). «Erling Aas-Eng ny leder i Hedmark Bondelag». Østlendingen. Henta 11. oktober 2015.