Erling Bjørn
Erling Bjørn (fødd 1931) er ein tidlegare norsk langrennsløpar frå Alvdal. Han vart noregsmeister på femmila i 1956, og vann i alt fire NM-medaljar i tida 1955-59, alle på 50-kilometeren.
Erling Bjørn | |
Fødd | 17. januar 1931 Alvdal |
Død | |
Yrke | langrennsløpar |
AktivEndra
Bjørn gjekk i 1955 inn til sølvmedalje på femmila, slått av Martin Stokken med over tre minuttar, sjølv hadde Bjørn over ni minuttar betre tid enn tredjemann. Året etter, i sin beste sesong, vart han norsk meister på femmila. Han gjekk mål på tida 3.22.13 og var over tre-og-eit-halvt minutt føre sølvmannen Sverre Stensheim. Bjørn gjekk også sitt beste løp i Holmenkollen i same OL-sesongen, og vart nummer tre, vel eitt minutt bakom Hallgeir Brenden på andreplass, men over seks minutt bakom vinnaren Arvo Viitanen frå Finland. Sidan vann Bjørn ein bronsemedalje på NM-femmila i 1957, nøyaktig minuttet bak vinnaren Kristen Kvello. I 1959 avslutta Bjørn si tid som aktiv på nasjonalt toppnivå med eit NM-sølv på 50 km, i kring to-og-eit-halvt minutt bak noregsmeisteren Oddmund Jensen.
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskapEndra
- 1954: Nr 5 på 30 km på Kongsvinger
- 1955: Sølvmedalje på 50 km i Trysil
- 1956: Gullmedalje på 50 km på Raufoss
- 1957: Bronsemedalje på 50 km på Rena
- 1958: Nr 7 på 30 km i Oslo
- 1959: Sølvmedalje på 50 km i Porsgrunn
Besteplasseringar i HolmenkollrennaEndra
- 1954: Nr 7 på 50 km i Holmenkollen
- 1955: Nr 9 på 50 km i Holmenkollen
- 1956: Nr 3 på 50 km i Holmenkollen
- 1959: Nr 8 på 50 km i Holmenkollen
KjelderEndra
- P.Chr. Andersen: Den nye olympiaboken. 1957
- Sportsrevy, aktuelle årgangar