Erling Amandus Johansen (7. august 188627. mai 1961) var ein norsk kontormann og politikar for partiet Høgre. Han var stortingsrepresentant 1931-36 og 1945.

Erling Johansen
Fødd7. august 1886
Oslo
Død27. mai 1961 (74 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
Alle verv

Johansen var fødd i Oslo og voks opp der og i Skien, dit faren flytta og vart kontorsjef. Sjølv arbeidde han frå 1905 på Union Co på Skotfoss. I 1910 tok han eksamen ved Pittmans Metropolitan School i London og arbeidde i 1911-12 ei tid på Union Co. sitt filialkontor i Hamburg. Frå 1912 var han tilbake på Union-kontoret på Skotfoss, til dess han i 1917 vart sjef på firmaet sitt ekspedisjonskontor i Skien. Etter at hovudkontoret vart flytta til nettopp Skien i 1935 var han sjef for utskipingsavdelinga.

I Skien engasjerte Johansen seg i politikken. Han var formann 1925-31 i skulestyret, 1926-35 i det kommunale jordeigedomsstyret og 1927-28 i likningsnemnda. Frå 1928 til 1940 var han medlem i bystyret, vald for Høgre. Elles var han krinsformann i Omstreifarmisjonen og formann i Skiens handelskammer.

Valperiodane 1931-33 og 1934-36 representerte Johansen byane i Telemark og Aust-AgderStortinget, medlem i Kyrkje- og skulekomiteen. Johansen møtte ikkje i 1936-sesjonen. Frå 1937 var han vararepresentant til Tinget, og møtte i den eigenskap ei vekes tid i 1938. Heile 1945-sesjonen møtte han som varamann for Sigurd Brinch, då med sete i Skog- og vassdragskomiteen.

Kjelder endre