Erling Skakke (111519. juni 1179) var ein norsk stormann i borgarkrigstida.

Erling Skakke
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1115
Etne kommune
Død

19. juni 1179 (63 år)
Trondheim

Yrke militær, politikar
Far Kyrpinga Orm Sveinsson
Mor Ragnhild Skulesdatter
Ektefelle Kristin Sigurdsdatter
«Erling Skakke og mennene hans går over åa». Illustrasjon av Erik Werenskiold. Teikninga viser Erling og mennene hans før det fyrste slaget på Re i 1163, slik kunstnaren førestilte seg det i 1899.

Erling Skakke var ein av leiarane av lendmannspartiet. Han fekk tilnamnet Skakke etter at han vart skadd på krosstog. Han var gift med Kristin, dotter åt kong Sigurd Jorsalfare, og hadde ein son som vart kong Magnus V.

Erling Skakke døydde i slaget på Kalvskinnet i 1179.

Saman med mellom anna Eystein Erlendsson, erkebiskop av Nidaros, utarbeidde han tronfylgjelova under Magnus Erlingsson.

Håkon Herdebrei skal i 1162 ha vorte drepen av Erling Skakke i eit sjøslag utanfor øya Sekken.