Ernesto Pass er eit fjellpass mellom Morsa Bay og Right Whale Bay nordvest på Sør-Georgia. Namnet «Don Ernestobreen», etter kvalbåten «Don Ernesto», eigd av Compañía Argentina de Pesca, vart nytta om ein isbre i området på eit kart frå Admiralitetet i 1931. South Georgia Survey rapporterte i 1955–56 at breen no hadde endra seg og ikkje lenger nådde sjøen, men at passet framleis trong eit namn. Namnet Ernesto Pass vart tilrådd av UK Antarctic Place-Names Committee i 1957.[1][2]

Ernesto Pass
fjellovergang
Land  Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane
Stad Sør-Georgia
 - koordinatar 54°1′S 37°44′W / 54.017°S 37.733°W / -54.017; -37.733
Kart
Ernesto Pass
54°01′00″S 37°44′00″W / 54.0167°S 37.7333°W / -54.0167; -37.7333

Kjelder endre

  1. «Ernesto Pass». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 6. januar 2013. 
  2. «Ernesto Pass». s. 630. Henta 6. januar 2013. 

Bakgrunnsstoff endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Ernesto Pass» (innhald frå Geographic Names Information System).