Opna hovudmenyen

Ernst Oddvar Baasland (fødd 3. april 1945) er ein norsk teolog som frå 1998 til 2009 var biskop i bispedømet Stavanger i den norske kyrkja.

Ernst Baasland
Baasland 06.jpg
Fødd 3. april 1945
Kristiansand
Yrke prest, teolog
Verv Biskop i Stavanger
Periode 1998-2009
Føregangar Bjørn Bue
Etterfylgjar Erling Pettersen
Ernst Baasland på Commons

Baasland er fødd i Kristiansand. Han tok teologisk utdanning frå Misjonsskolen (noverande Misjonshøgskolen) i Stavanger og Menighetsfakultetet i Oslo, og vart cand.theol. i 1970. Etter eitt år som feltprest i Bodø kom han tilbake til Menighetsfakultetet der han var stipendiat frå 1972 til 1975. Han hadde under arbeidet med doktorgraden sin og etterpå ulike undervisningsstillingar ved Menighetsfakultetet, og han vart professor i det nye testamentet i 1984. Denne stillinga hadde han fram til han i 1998 vart utnemnd til biskop i Stavanger. I 2009 gjekk han av som biskop i samband med ein personleg konkurs knytt til eine sonen.[1]

KjelderEndra