Ernst Vettori

Ernst Vettori (fødd 25. juni 1964) er ein austerriksk skihoppar. Han blei olympisk meister i normalbakke i 1992, og vann den tysk-austerrikske hoppveka i 1985/86 og 1986/87. I 1991 blei han tildelt Holmenkollmedaljen saman med Vegard Ulvang, Trond Einar Elden og Jens Weissflog.

Ernst Vettori

20161216 FIS WC NK Ramsau 6954.jpg

Statsborgarskap Austerrike
Fødd 25. juni 1964 (58 år)
Absam
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1988, Vinter-OL 1984, Skihopping under Vinter-OL 1992 – Normalbakke, Skihopping under Vinter-OL 1992 – Laghopp

Utmerkingar

Holmenkollmedaljen, æresteikn i gull for tenester til den austerrikske republikken

Vettori er gift med den tidlegare austerrikske alpinisten Sieglinde Winkler (nummer 18 i 1982, og 15 i 1983 i verdscupen i utfor). Saman har dei to barn.

KjelderEndra

  Denne idrettsartikkelen som har med Austerrike å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.