For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Eros (fleirtyding).

Eros (gresk Ἔρως) er eit ord forbunde med sanseleg kjærleik frå gresk antikk, og var namnet på den greske guden for kjærleik, attrå og samleie. Dette er opphavet til ordet erotikk og avleiingar av det. Guden var ein av sønene til den fyrste urguddomen Khaos.

Statue av Eros med spegel. Frå Hellas, 100-året f.Kr.
Dei greske urgudane

Amor var den romerske varianten av den greske guden Eros, og har på tilsvarande vis vore opphav til ord som har med kjærleik og attrå å gjere.

I både gamal og nyare kunst vart Eros (og Amor/Cupido) gjerne framstilt som ein lubben, liten gut, ofte med vengar, og med pil og boge i handa, for han hadde evna til å kveikje den erotiske attråen i folk ved å skyte kjærleikens pilar i hjarta på dei. Desse kjærleikspilene speler ei lagnadstung, avgjerande rolle i til dømes kjærleiksforteljingane om Eros og Psyche, òg kalla Amor og Psyche, Cupido og Psyche, kjend frå antikken og nytta som tema i både biletkunst, musikk etc. fram til våre dagar.

Spire Denne mytologiartikkelen som har med Hellas å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.