Ertvågsøya

øy i Aure kommune
(Omdirigert frå Ertvågøya)

Ertvågsøya (òg kalla Ertvågøya og Artvågsøya) er ei øy i Aure kommuneNordmøre. Øya, som har eit arealet er 139,29 km², er delt i to om lag like halvdelar, delvis av Foldfjorden som skjer seg inn i øya frå nord, og delvis av Skausetvatnet som held fram frå Foldfjorden og vidare mot Vågosen. I vest dannar Imarsundet skilje til øyane Solskjel og Stabblandet; øya grensar til Trondheimsleia i nord; Aursundet i aust dannar skiljet til fastlandet og Aure sentrum; og sørom Vinjefjorden i sør ligg Valsøyfjorden i tidlegare Halsa kommune (no ein del av Heim kommune). Sørsida av Ertvågsøya høyrde ei tid til Valsøyfjord kommune, og gardane langs Imarsundet høyrde tidlegare til Edøy formannsskapsdistrikt (til 1873) og Tustna kommune (1874–1964), men vart lagt til Aure kommune den 1. januar 1965. Kring øya ligg fleire mindre øyar, slik som Rottøya og Ruøya i aust og Jøssøya og Bærøya i nord, i tillegg til Stabblandet (tidlegare Tustna) i vest.

Ertvågsøya
Geografi
Stad Nordmøre
Koordinatar 63°12′N 8°25′EKoordinatar: 63°12′N 8°25′E

Areal 139,29 km²

Høgaste punkt Korsbakkfjellet (694 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Møre og Romsdal

Stadar endre

Topografi endre

Natur endre

Fjell endre

Vatn og tjørner endre

Setrer på Ertvågsøya endre

Samferdsel endre

Det er vegsamband til Aure via Riksveg 680 over Mjosundbrua, Smalsundbrua og Aursundbrua. Frå januar 2007 vart Ertvågsøya og Stabblandet knytt saman av Imarsundbrua som vart opna den 11. januar 2007. Mellom Arasvika og Hennset er det ferjesamband.

Industri endre

Kjendte ertvågøyingar endre