Ervik

(Omdirigert frå Ervika)

Ervik, eller Ervikbygda, er ei bygd/grendYtre Stadlandet i Stad kommune. Ervik har daglegvarebutikk med bensinstasjon, skule og barnehage. Næringsgrunnlag har vore og er jordbruk (saue-, geite- og storfehald) og fiske. Frå Ervik er det 30 km til kommunesenteret Selje, 23 km til Hoddevik og 15 km til Leikanger. Ervik og Ytre Stadlandet er populære reisemål og er mest kjend for Hovdenfjellet, krigsminne frå andre verdskrig, Ervik kyrkje, forlisa til MS «St. Svitun» og MS «Emsland», Erviksanden, bølger og storm ved Stad på Vestkapp. Naturen byr på mange aktivitetsmoglegheiter. Surfing og fjellturar/ fjelløp. Turløypa Stadlandet Rett Vest går frå Dragseidet til Ervik.

Ervik
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Stad
Postnummer 6750 STADLANDET
Gardnummer 45
Kart
Ervik
62°09′57″N 5°07′24″E / 62.16583333°N 5.12333333°E / 62.16583333; 5.12333333
Wikimedia Commons: Ervik
Bildet er tatt frå Dagmarsplass (grillplass på sanden laga/utgravd av orkanen Dagmar. Ein ser fram mot Hovden og Litlehovden.

Aktivitetstilbod endre

Bakgrunnsstoff endre