Esben Esther Pirelli Benestad
Esben Esther Pirelli Benestad (fødd 3. mai 1949) er ein norsk lege og sexolog[1] som også har markert seg ved å vere ein av dei få opne transpersonane i Noreg.[2]
Esben Esther Pirelli Benestad | |
Fødenamn | Esben Benestad |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 3. mai 1949 (75 år) Grimstad |
Yrke | lege, sexolog |
Politisk parti | Venstre |
Ektefelle | Elsa Almås |
Esben Esther Pirelli Benestad på Commons |
Benestad er gift med sexologen Elsa Almås og er forelder til filmregissøren Even Benestad, som skildra Benestad og tilhøvet hens til kjønn i dokumentarfilmen Alt om min far (2002).[3]
I 2007 deltok Benestad i Skal vi danse, ei deltaking som skapte oppstyr då ein dommar oppfordra hen til å anten bruka kvinne- eller mannsklede i tevlinga.[2]
I 2012 vart Pirelli Benestad og kona Elsa Almås begge utnemnde til professorar i sexologi ved Universitetet i Agder. Dei er dei fyrste som har vorte professorar i sexologi i Noreg.[4]
Benestad har gått inn for bruken av kjønnsnøytrale personlege pronomen.[5][6]
Verkliste
endre- Sexologi i praksis, med Elsa Almås (1997, ny utgjeving 2006)
- Kjønn i bevegelse, med Elsa Almås (2001)
- Transseksualisme - hvor går vi og hvor står vi? (2002)
- Transekjønn og diagnoser (2004)
- Penisatlas (2005)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Esben Esther Pirelli Benestad» frå Wikipedia på bokmål, den 11. august 2011.
Fotnotar
endre- ↑ Kari Løberg Skår; Anne Wirsching; Anne Torhild Nilsen (12.05.2017), «Kjendis-sexolog må ta mer betalt: – Vil ramme mange mennesker», NRK Sørlandet
- ↑ 2,0 2,1 Iris Elin Ullvang (06.02.2017), «Vil sprette sjampanjen for «hen» og «hin»», NRK Sørlandet
- ↑ Liv Jørgensen (14. februar 2002), Konfrontasjon med far
- ↑ «Her er Nordens første sexprofessor», Agderposten.no, 26.01.12[daud lenkje]
- ↑ «Ikke hun og ikke han – men hen», Aftenposten
- ↑ «Esben Esther løy om hormoner», Dagbladet
Bakgrunnsstoff
endre- Profil ved uia.no