Esmail Qaani
Esmail Qaani (fødd 8. august 1957) er ein iransk general og leiaren av elitestyrken Quds i Den iranske revolusjonsgarden. Han vart medlem av revolusjonsgarden i 1980 og tok over som leiar av Quds-styrken i 2020 etter at føregangaren Qasem Soleimani vart drepen i eit amerikansk droneåtak.[1]
Esmail Qaani
اسماعیل قاآنی | |||
| |||
Fødd | 8. august 1957 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Mashhad | ||
Rang | brigadier general of IRGC | ||
Eining | Den iranske revolusjonsgarden |
Qaani er fødd i Mashhad nordaust i Iran.[1] Han vart medlem av den iranske revolusjonsgarden i 1980, og tok del i Irak-Irankrigen (1980-1988). Etter at krigen var slutt gjekk han inn i Quds-styrken og var aktiv i grenseprovinsen Khorasan, som grensa til både Afghanistan, Turkmenistan[2] og Pakistan.[3]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Esmail Qaani: The new man leading Iran's elite Quds Force». BBC. 7. januar 2020. Henta 2. november 2024.
- ↑ «Esmail Qaani: The new man leading Iran's elite Quds Force He was also known for losing battles.». BBC News. 7. januar 2020.
- ↑ Oweis and Farmer, Khaled Yacoub and Ben (5. januar 2020). «Who is Esmail Qaani, the new Iranian elite force commander?». The Nation.