Espen Barth Eide

norsk statsvitar og politikar

Espen Barth Eide (fødd 1. mai 1964) er ein norsk statsvitar og politikar for Arbeidarpartiet som er klima‑ og miljøminister i Regjeringa Støre frå 2021.[1]

Espen Barth Eide
Espen barth eide.jpg
Fødd1. mai 1964 (58 år)
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, diplomat, statsvitar, deltakar i internasjonale forum
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
Universitetet i Barcelona
Oslo katedralskole
MorWenche Barth Eide
FarAsbjørn Eide

Han vart forsvarsminister då Grete Faremo tok over som justisminister grunna Knut Storberget sin avgang frå stillinga den 11. november 2011.[2] I september 2012 vart han utanriksminister.[3]

Han er visegeneralsekretær i SN og Kypros-spesialrådgjevar for SN sin generalsekretær António Guterres. Frå 2014 til 2016 var han direktør i Verdas økonomiske forum.

Espen Barth Eide er son til forskarane Asbjørn Eide og Wenche Barth Eide. Han er utdanna cand. polit. frå Universitetet i Oslo. I 1992 vart han generalsekretær i Europarørsla. I 1994 vart han forskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI), der han m.a. har hatt ansvar for SN-programmet og leidd avdelinga for internasjonal politikk 2002-05.

Frå 2000 til 2001 var han statssekretær ved utanriksdepartementet i Jens Stoltenberg si fyrste regjering. Her spelte han ei sentral rolle ved forhandlingane om kjøp av norske jagarfly. Frå 2005 - 2010 var han statssekretær i forsvarsdepartementet, og frå 2010 til 2011 vart han statssekretær i utanriksdepartementet att fram til han fekk stillinga som forsvarsminister i 2011.

KjelderEndra