Espen Bredesen
Espen Bredesen (fødd 2. februar 1968) er ein norsk, tidlegare skihoppar som var medlem av Oppsal Idrettslag, samt treningsgruppa Kollenhopp. I Ski-VM i Falun i 1993 vann Bredesen gull i storbakken og i laghoppinga. Sesongen 1993/94 vart han olympisk meister i normalbakken under OL på Lillehammer, der han også fekk sølvmedaljen i storbakken. Same sesongen vann han verdscupen i skihopping, og den tysk-austerrikske hoppveka og tok sølvmedaljen i VM i skiflyging. Mellom 1991 og 1998 vart han noregsmeister ni gongar, og vann elles ein NM-sølv og ein NM-bronse. Bredesen forbetra verdsrekorden i skihopping to gongar, til 209 meter i 1994 og 210 m i 1997.
Espen Bredesen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 2. februar 1968 (56 år) Oslo |
Idrett | skihopping |
Tok del i | Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1998, Skihopping under Vinter-OL 1994 – Normalbakke, Skihopping under Vinter-OL 1994 – Stor bakke |
Utmerkingar | Aftenpostens Gullmedalje, Holmenkollmedaljen |
Karriere
endreBredesen debuterte i verdscupen i 1989/90-sesongen, men var langt unna verdseliten den sesongen. Han fekk sitt nasjonale gjennombrot i 1991, då han vann begge NM-tevlingane i skihopping. Internasjonalt nærma han seg verdseliten og vart ved to høve nummer 10 i verdscupen. I sin fyrste verdsmeisterskap, Val di Fiemme 1991, var han med på det norske laget som kom på fjerdeplass i laghopp, individuelt vart han nummer 16 i storbakken og mislukkast totalt i normalbakken. Året etter deltok Bredesen i begge bakkane under vinter-OL i Albertville og vart nummer 58 og heilt sist i normalbakken, før han fullenda fiaskoen med ein 57. plass i storbakken.
1993-sesongen baud derimot på det store gjennombrotet for Bredesen, eit gjennombrot som kom midtvegs i sesongen. Under ski-VM i Falun opna han hopptevlingane med å sikre norsk gullmedalje i laghoppinga. To dagar seinare, 21. februar 1993, kleiv han heilt til topps på sigerspallen etter rennet i storbakken, seinare vart han berre nummer 19 i normalbakken. I byrjinga av mars månad steig han på pallen i verdscupen for fyrste gong, etter å ha vorte nummer tre i Lahti. Få dagar seinare, 11. mars, vann han på Lillehammer sitt fyrste verdscuprenn, før han så også vann dei to attståande renna i verdscupen 1993.
Bredesen starta OL-sesongen 1994 med å vinne opningsrennet i normalbakken i Planica. Sidan i sesongen vann han ytterlegare tre renn, og stod på pallen i alt tolv gongar. Han vann den tysk-austerrikske hoppveka og fekk sølvmedaljen i skiflygings-VM, bakom Jaroslav Sakala frå Tsjekkia. Bredesen tok deretter sølvmedaljen i storbakken under vinterleikane på Lillehammer. I normalbakken hoppa han seg til OL-gull på suverent vis, med 282 poeng slo han sølvvinnaren Lasse Ottesen med 14 poeng og bronsevinnaren Dieter Thoma med over 20 poeng. Han gjekk til topps i kampen om FIS-pokalen i skihopping.
Bredesen vann eitt renn i verdscupen 1995, då han toppa resultatlista i Falun. Dette vart han siste siger i verdscupen, siste pallplassen tok han 1. desember 1996, då han vart nummer to, 0,4 poeng bak landsmannen Kristian Brenden.
I verdsmeisterskapane 1995 og 1997 nådde Bredesen ikkje opp, ein 17. plass i Thunder Bay og ein 15. plass i Trondheim var toppresultata. Betre gjekk det i VM i skiflyging 1996, der han hamna på sjuandeplass. Bredesen vart teken ut til vinter-OL 1998 i Nagano, der han var norsk flaggberar. I olympiaden fekk han plass på det norske laget som deltok i normalbakken, og vart nummer 36 i sitt siste internasjonale meisterskaprenn.
Bredesen la bort konkurranseskia i 2000.
Besteplasseringar i internasjonale renn
endre- 1990: Nr 26 i Zakopane
- 1990/91: Nr 10 i Sapporo og i Innsbruck
- 1991/92: Nr 8 i Sapporo
- 1993: Tre sigrar (Lillehammer, Oslo, Planica) og ein tredjeplass i verdscupen
- 1994: Fire sigrar (Planica, Garmisch-Partenkirchen, Bischofshofen, Liberec), seks andreplassar og to tredjeplassar i verdscupen
- 1995: Vinnar i Falun
- 1996: To andreplassar og ein tredjeplass
- 1996/97: Nr 2 i storbakken på Lillehammer
- 1998: Nr 11 i skiflygingsbakken i Oberstdorf
- 1999: Nr 30 i Willingen
- 1999/2000: Nr 30 i Zakopane
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
endre- Ski-NM 1990: Nr 9 i storbakken i Meldal
- Ski-NM 1991: Gullmedalje både i normalbakken på Rognan og i storbakken i Bærum
- Ski-NM 1992: Gullmedalje i normalbakken i Molde
- Ski-NM 1993: Gullmedalje både i normalbakken på Lillehammer og i storbakken på Odnes
- Ski-NM 1994: Gullmedalje i storbakken på Rena
- Ski-NM 1995: Bronsemedalje i normalbakken i Rælingen
- Ski-NM 1996: Gullmedalje i storbakken i Meldal
- Ski-NM 1997: Gullmedalje i normalbakken i Mo i Rana og sølvmedalje i storbakken på Lillehammer
- Ski-NM 1998: Gullmedalje i normalbakken i Trondheim
- Ski-NM 1999: Nr 4 i normalbakken på Raufoss
- Ski-NM 2000: Nr 10 i normalbakken på Vang
Bredesen vart i 1993 tildelt Morgenbladets gullmedalje og i 1994 Holmenkollmedaljen, den sistnemnde saman med Ljubov Jegorova og Vladimir Smirnov.
Han er i seinare år engasjert av NRK som ekspertkommentator i skihopping.
Kjelder
endre- Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff
endre- Espen Bredesen i fis-ski.com
- Espen Bredesen i olympedia.org