Eukalyptusslekta

planteslekt
(Omdirigert frå Eucalyptus)
Eukalyptusslekta
Utbreiing
Utbreiinga av Eukalyptusslekta
Utbreiinga av Eukalyptusslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Myrteordenen Myrtales
Familie: Myrtefamilien Myrtaceae
Underfamilie: Myrtoideae
Stamme: Eucalypteae
Slekt: Eukalyptusslekta Eucalyptus
L'Hér., 1789

Eukalyptusslekta (Eucalyptus) er ei planteslekt i myrtefamilien innan myrteordenen. Ho omfattar over 700 arter av buskar og lauvtre med utbreiing i Australia, Ny-Caledonia, Ny-Guinea, og nokre artar nordover til Indonesia og Filippinane. Slekta oppstod for 35-50 millionar år sidan, og er såleis relativt ung.

Typiske lansettforma blad og raude blomar hos Eucalyptus leucoxylon var. Rosea.
Arten Eucalyptus deglupta i Søraust-Asia er særegen ved å ha mangefarga, strimla bork.

På engelsk vert medlemmene kalla «Eucalyptus» eller «gum trees». Mange av artene gjev frå seg ei tjukk sevje frå snitt i borken.

Eigenskapar endre

Artane er oftast lauvtre og mykje sjeldnare buskar. Nokre av dei kan nå høgder på opp i 80-90 meter, noko som gjer desse artane til nokre av dei høgaste i verda. Ein hår måla individ på opptil 99,6 meter.[1] Nokre få artar feller blada i tørkesesongen, resten er eviggrøne. Blada har ofte eit vokslag for å redusera fordampinga. Blada er svært ofte lansettforma.

Blomane er oftast raude, men kan òg vera gule, oransje, eggekvite og kvite. Dei er kjenneteikna av børsteaktige frøberarar. Frukthaldarane er ofte gummiaktige. Borken er lite fura, men kan trevlast (med korte eller langa trevlar) og eventuelt vera hard («jerntre»). Ein art har mangefarga bork.

Økologi endre

Blada skil ofte ut eit insektdrepeade, lettare giftig stoff. Pungdyr-arter som koala og pungrotte er immune mot gifta, og er avhengige av eukalyptusblad i kosthaldet. Nektaren til blomane vert også eten av desse artane og dessutan av mange fuglar og insekt.

Slekta er dominerande i lauvskogbelta i Australia, og berre femten av dei drygt 700 artane veks utanfor Australia. Mange av artane veks raskt og er svært dominante. Dei gjev lokale inntekter til urfolk ved å danna gummiaktige nyttesubstansar og insektdrepande stoff. Dei kan òg brukast til å drenera malaria-plaga sumpområde, takka vera det store vassopptaket. Men nettopp vassforbruket fører òg tidvis til kritikk om at artane spreier seg og bidreg til uttørring av viktige vasskjelder.

Nytte og tyding endre

Ut frå eigenskapar og bruk vert eukalyptustrea i Australia delte inn i nokre hovudgrupper:

  • «Ash» – høge ugreina tømmerartar inntil 90 m
  • «Box» – mellomstore artar med korte bprkfibrar
  • «Gum» – artar som gjev frå seg gummi-substansar
  • «Ironwood» – hardborka artar
  • «Mallee» – lågt greina arter, inntil 10 m
  • «Mallet» – mellomstore med stigande greiner, 10-30 m
  • «Ribbon» – mellomstore artar med lange borktrevlar

Eukalyptus vert planta i plantasjar over store delar av verda, frå det sørlege Europa til Kina, Sør- og Nord-Amerika. På grunn av høgda vert brukt nokon arter som tømmer, og kan vera i fare for utrydding. Regnskogfondet råder difor forbrukarar til å unngå produkt laga av eukalyptus. Artane Eucalyptus delegatensis (Alpine Ash) og Eucalyptus regnans (Mountain Ash) er dei viktigaste treslaga for tømmerhogst, og samstundes svært sårbare for skogbrann. Olja i trea er svært brennbar, og det er kjent at nokre arter regelrett eksploderer ved skogbrann.

Eukapyltusolje er antiseptisk, insektdrepande, og kan brukast i medisin og som duftstoff. Olja vert òg brukt til farging i industrien, og som smakstilsetting. Eit anna viktig smak- og virkestoff er cineol (òg kalla eukalyptol).

Arter endre

Eit lite utval av artane i eukalyptusslekta omfattar:

Tømmerproduserande artar
  • Eucalyptus delegatensis («Alpine Ash») – Australia
  • Eucalyptus regnans («Mountain Ash») – Australia, Tasmania
Oljeproduserende artar med cineol
  • Eucalyptus cneorifolia
  • Eucalyptus dives
  • Eucalyptus dumosa
  • Eucalyptus globulus
  • Eucalyptus goniocalyx
  • Eucalyptus horistes
  • Eucalyptus kochii
  • Eucalyptus leucoxylon
  • Eucalyptus oleosa
  • Eucalyptus polybractea
  • Eucalyptus radiata
  • Eucalyptus sideroxylon
  • Eucalyptus smithii
  • Eucalyptus tereticornis
  • Eucalyptus viridis

Kjelder endre

Referansar endre

  1. «Tasmania's Ten Tallest Giants». Tasmanian Giant Trees Consultative Committee. Arkivert frå originalen 18. juli 2008. 

Bakgrunnsstoff endre