Europameisterskapen på skeiser 1954

Europameisterskapen på skeiser 1954 vart avvikla i Davos i Sveits helga 6. og 7. februar 1954. 43 utøvarar frå 13 land deltok i meisterskapen, av dei seks frå Noreg. Dei norske utøvarane var Hjalmar Andersen, Sverre Haugli, Finn Hodt, Knut Johannesen, Torstein Seiersten og Roald Aas. Deltakarane elles kom frå Austerrike, Belgia, Finland, Frankrike, Italia, Nederland, Sovjetunionen, Storbritannia, Sveits, Sverige, Ungarn, Vest-Tyskland.

Boris Sjilkov frå Sovjetunionen vart europameister framom nordmannen Hjalmar Andersen. Sjilkov presterte bestetid på 1500 meter og Andersen vann 5 000 m så vel som 10 000 m. Sovjets Jevgenij Grisjin gjekk fortast av alle på 500 m.

Skeise-EM 1954Endra

Plass Utøvar Land Poeng
  Boris Sjilkov   Sovjetunionen 189,058
  Hjalmar Andersen   Noreg 189,383
  Sigge Ericsson   Sverige 191,185
4 Oleg Gontsjarenko   Sovjetunionen 191,202
5 Juhani Järvinen   Finland 191,360
6 Kees Broekman   Nederland 191,402
7 Sverre Haugli   Noreg 192,112
8 Wim van der Voort   Nederland 192,222
9 Roald Aas   Noreg 193,223

Dato: 6./7. februar 1954

KjelderEndra