Europameisterskapen på skeiser 1956

Europameisterskapen på skeiser 1956 vart avvikla på Olympiastadion i Helsinki helga 25. og 26. januar 1956. 28 utøvarar frå 9 land deltok i meisterskapen, av dei seks frå Noreg. Dei norske utøvarane var Sverre Haugli, Knut Johannesen, Torstein Seiersten, Knut Tangen, Rolf Trøen og Roald Aas. Deltakarane elles kom frå Aust-Tyskland, Finland, Nederland, Polen, Sovjetunionen, Storbritannia, Sverige, Vest-Tyskland.

Jevgenij Grisjin frå Sovjetunionen vart europameister med knapp margin til andremann, norske Knut Johannesen. Grisjin gjekk fortast av alle på 500 m, medan Johannesen var bestemann på 5 000 meter så vel som 10 000 m. Sovjets Jurij Mikhailov stod for bestetid på 1500 m.

Skeise-EM 1956Endra

Plass Utøvar Land Poeng
  Jevgenij Grisjin   Sovjetunionen 190,692
  Knut Johannesen   Noreg 190,788
  Sigge Ericsson   Sverige 191,400
4 Robert Merkulov   Sovjetunionen 191,998
5 Oleg Gontsjarenko   Sovjetunionen 192,003
6 Juhani Järvinen   Finland 192,320
7 Boris Sjilkov   Sovjetunionen 193,092
8 Toivo Salonen   Finland 193,152
9 Roald Aas   Noreg 193,825
10 Jurij Mikhajlov   Sovjetunionen 193,968
11 Torstein Seiersten   Noreg 194,108

Dato: 25./26. januar 1956

KjelderEndra