Europameisterskapen på skeiser 1976/Menn

Europameisterskapen på skeiser 1976 for menn vart avvikla på Bislett stadion i Oslo laurdag 24. og sundag 25. januar 1976. 30 utøvarar frå 13 land deltok i meisterskapen, av dei fire frå Noreg. Dei norske utøvarane var Amund Sjøbrend, Sten Stensen, Kay Stenshjemmet og Jan Egil Storholt. Deltakarane elles kom frå Aust-Tyskland, Finland, Frankrike, Italia, Nederland, Polen, Sovjetunionen, Storbritannia, Sveits, Sverige, Tsjekkoslovakia, Vest-Tyskland.

Nordmannen Kay Stenshjemmet vart europameister, fattige 0,005 tidspoeng føre tittelforsvararen Sten Stensen. Deira landsmenn Jan Egil Storholt og Amund Sjøbrend kom på dei neste to plassane. Stenshjemmet vann både 500 m og 1500 m, medan Stensen sigra på dei to lengste distansane. På den avsluttande 10 000-meteren sette han verdsrekord med eit løp på 14.50,31.

Skeise-EM 1976Endra

Plass Utøvar Land Poeng
  Kay Stenshjemmet   Noreg 169,770
  Sten Stensen   Noreg 169,775
  Jan Egil Storholt   Noreg 169,979
4 Amund Sjøbrend   Noreg 170,333
5 Hans van Helden   Nederland 170,843
6 Viktor Varlamov   Sovjetunionen 172,688
7 Vladimir S. Ivanov   Sovjetunionen 173,009
8 Piet Kleine   Nederland 173,297
9 Sergej Martsjuk   Sovjetunionen 173,301
10 Lennart Carlsson   Sverige 173,803

Dato: 24./25. januar

KjelderEndra