Europanto er eit blandingsspråk med struktur henta frå engelsk, men med ordtilfang frå alle utbreidde europeiske språk. I prinsippet kan ein som talar europanto fritt hente ord frå europeiske ord han kjenner. Språket vart lansert i 1996 av Diego Marani, som er journalist, forfattar og tolk for EU-rådet i Brussel.[1]

Europanto
Klassifisering konstruerte språk
Bruk
Område EU
Europantotalande i alt Ingen morsmålsbrukarar
Skriftsystem det latinske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-2 art

Om språket er meint som en parodi, ein visjon eller eit skremebilete er uavklart.

Namnet Europanto hermar Esperanto og tyder 'alleuropeisk'; ordet er samansett av orda 'Europa' og det greske ordet πάντ- ("pant-") som tyder 'all'.

Kjelder endre