Opna hovudmenyen
Tabliczka E16.svg
E16

Europaveg 16 (E 16) er ein europaveg som går mellom Londonderry i Nord-Irland i Storbritannia, over Bergen og til Gävle i Sverige, med arm frå Hønefoss til kryss med europaveg 18 i Sandvika i Bærum, der endepunktet for E 16 låg tidlegare. Vegen er kring 1180 kilometer, inkludert 190 kilometer i Storbritannia, 630 km i Noreg og 360 kilometer i Sverige. I Storbritannia er korkje E 16 eller andre europavegar skilta som europavegar, men etter eit nasjonalt system.

Den lengste vegtunnelen i verda, Lærdalstunnelen med ei lengd på 24 509 meter, ligg på E16. Det gjer òg den over 11,4 kilometer lange Gudvangatunnelen, den nest lengste i Noreg. Mellom Gudvangen og Lærdal er det 51,5 km, og av det 43,0 km i tunnel.

Mellom Bergen og Åsane delar vegen trasé med europaveg 39 og eit lite stykke nord for Belfast med europaveg 18.

Trasé fastlagt av UNECE: Londonderry - Belfast ... Glasgow - Edinburgh ... Bergen - Fagernes - Oslo. I Noreg er E16 skilta mellom Bergen og Riksåsen i Kongsvinger (inkludert arm frå Hønefoss over Sollihøgda til Bærum). Etter omskilting hausten 2012 er delar av tidlegare riksveg 35, riksveg 2 og riksveg 200 del av nye E16 til grensa.[1]

  • Det går ikkje ferje Belfast-Glasgow. Alternativ ferje er Belfast - Stranraer (Stena Line, 1,5-3 timer, 9 turar/dag).
  • Det går ikkje ferje Edinburgh-Bergen, heller ikkje mellom Newcastle-Bergen

KnutepunktEndra

 
Bro over Clyde i Glasgow
Foto: Finlay McWalter
 
Nygardstangen i Bergen møtes  ,   og   .
 
  i Aurland
Foto: John Erling Blad
 
Lærdalstunnelen frå sør
 
Filefjell ved Kyrkjestølane sett mot vest.
For meir om dette emnet, sjå Europaveg 16 i Noreg.
  Storbritannia
  Nord-Irland
trasé stad knutepunkt merknad
A6 Londonderry
  M22 Randalstown
M2 Antrim
Newtownabbey E18 A8 felles trasé til Belfast
  Belfast E16 A12 ingen samband til Glasgow
  Skottland
trasé stad knutepunkt merknad
A8 Greenock E5 felles trasé til Glasgow
  M8 Paisley
  A8 Glasgow E5 M73
  M8 Motherwell-Newhouse
  Edinburgh E15 A720 utan ferjesamband med Bergen
  Noreg
Trasé Stad Knutepunkt Merknad
   Bergen
Nygardstangen i Bergen E39 felles trasé til Vågsbotn
  Fløyfjellstunnelen to løp, 3195 og 3825 m
  Eidsvåg
  Åsane
Vågsbotn i Åsane E39
  Arnanipatunnelen 2133 m
  Stavenestunnelen 2771 m
  Bogetunnelen 2036 m
Voss
  Gudvangatunnelen 11 428 m
  Flenjatunnelen 5 053 m
  Lærdalstunnelen 24 509 m
  Borgundtunnelen 3 053 m
  Tuftåstunnelen 2000 m
Filefjell   det høgaste punktet på vegen, 1004 moh.
Hønefoss arm til Sandvika E18
  Oslo lufthamn, Gardermoen
Herva i Ullensaker E6 felles trase til Køfta
  Kløfta E6
  Riksåsen i Kongsvinger
  Sverige
Trasé Stad Knutepunkt Merknad
Torsby E45
Malung E45
Falun 5069
Gävle E4

ForlengingaEndra

Oppgavleg enda E 16 i Sandvika, men det vart fremja ynske for UNECE i Genève frå norsk og svensk hald om å forlenge vegen til Gävle i Sverige (via Oslo lufthamn, Gardermoen og Kongsvinger), gjennom omklassifisering av eksisterande veger (  ,   ,   ,   . Desse strekninga vart omskilta i 2012 slik at E16 kryssar riksgrensa og endar i Gävle. Det gamle endepunktet i Sandvika er no ei arm på E16.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra