Europaveg 6
Europaveg 6 (E6) er ein europaveg som går frå Trelleborg i Sverige til Kirkenes i Noreg. Han er den klart lengste vegstrekningen i Noreg.









Rute endre
Vegen fylgjer ruta Trelleborg, Malmö, Helsingborg, Halmstad, Göteborg, Svinesund, Oslo, Hamar, Lillehammer, Dombås, Trondheim, Stjørdal, Steinkjer, Grong, Mosjøen, Mo i Rana, Rognan, Fauske, så vidare opp over Hamarøya med ferje frå Bognes til Skarberget over Tysfjorden til Ballangen, Narvik, Setermoen, Alta, Olderfjord, Lakselv, Karasjok, Varangerbotn, Kirkenes.
Frå Kirkenes går Europaveg 105 gjennom Russland og Ukraina til Jalta.
Plass i europavegsystemet endre
Strekninga Helsingborg–Olderfjord på E6 er eigentleg ein del av Klasse A-vegen E47, som framleis er skilta med nummeret som var gjeldande fram til 1992. Sverige og Noreg skilta ikkje om på grunn av kostnaden dette ville medføra på ein særs lang veg.
Tidlegare gjekk E6 heilt frå Roma til Kirkenes, men han byrjar altså no lengst sørvest i Sverige.
Kultur endre
Ei ny utbygging av E6 i Sverige vil gå gjennom helleristingsområdet i Tanum.
Knutepunkt endre
- For meir om dette emnet, sjå europaveg 6 i Noreg og europaveg 6 i Sverige.
Bakgrunnsstoff endre
- European Agreement on Main International Traffic Arteries (AGR) 14 mars 2008 (PDF, offisiell E-vegliste byrjar på s. 14)
- UNECE sitt oversiktskart over alle europavegane