Eurovision Song Contest

årleg, internasjonal musikktevling halden av Den europeiske kringkastingsunionen
Sjå òg Eurovision (fleirtyding).

Eurovision Song Contest (ESC) er den årlege musikktevlinga til Eurovision. Han har vorte arrangert av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU), sidan 1956.

Eurovision Song Contest
Sjanger Musikktevling
Skapar Marcel Bezençon
Programleiarar Sjå programleiarar
Kjenningsmelodi-
komponist
Marc-Antoine Charpentier
Kjenningsmelodi Te Deum
Land Sjå land
Språk Engelsk og fransk
Stader Sjå vertsbyar
Varigskap 2 timar (kvar semifinale)
3 timar og 30 minutt (finalen)
Produksjonsselskap Den europeiske kringkastingsunionen
Distributør Eurovision
Bileteformat 576i (SDTV) (1956–i dag)
1080i (HDTV) (2007–i dag)
Sendt 24. mai 1956–i dag
Nettstad
eurovision.tv

Kvart medlemsland kan sende ein song som vert sunge på direktesendt fjernsyn og deretter vert røysta på av dei andre deltakarlanda, for å finne den mest populære songen i tevlinga. Tevlinga har vorte kringkasta kvart år sidan 1956 og er eit av dei eldste fjernsynsprogramma i verda. Det er òg ein av dei mest sette ikkje-sportslege hendingane i verda, og dei siste åra har publikumstala vore på mellom 100 til 600 millionar internasjonalt. Eurovision Song Contest vert òg kringkasta utanfor Europa, til dømes i Argentina, Australia, Brasil, Canada, Kina, Colombia, Egypt, India, Japan, Jordan, Mexico, New Zealand, Filippinane, Sør-Korea, Taiwan, Thailand, Uruguay og Venezuela til tross for at dei ikkje deltek. Sidan 2000 har tevlinga òg vorte kringkasta over Internett. I 2006 såg meir enn 74 000 personar i nesten 140 land tevlinga på Internett.

Poenggjevinga i Eurovision Song Contest har skjedd etter fleire ulike system opp gjennom historia, men i dag gjev kvart land poeng i følgjande verdiar etter telefonrøysting: 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 10, 12. Dersom to eller fleire land står med likt tal poeng til slutt, vinn det landet som har motteke poeng frå flest land. Er stillinga framleis lik, vil tal på mottekne 12-poengarar avgjera, deretter 10-poengarar og så vidare vera avgjerande.

Tradisjonelt arrangerer vinnarlandet tevlinga året etter, vanlegvis ein laurdag i midten av mai i form av eit rundt tre timar langt fjernsynsshow.

Noreg i Eurovision Song Contest endre

For meir om dette emnet, sjå Noreg i Eurovision Song Contest.

Noreg har delteke sidan 1960, då Nora Brockstedt deltok med songen «Voi Voi», og vunne tre gongar: I 1985 med Bobbysocks sin song «La det swinge», i 1995 med Secret Garden sin song «Nocturne» og i 2009 med Alexander Rybak sin song «Fairytale». Uttakinga av den norske deltakaren skjer gjennom Melodi Grand Prix.

Deltaking endre

 
Deltaking sidan 1956: ██ Land som har vore med minst éin gong ██ Land som aldri har delteke, men har høve til det ██ Land som aldri har delteke, men meldt seg på

For å kunne delta må landet vere aktiv medlem i EBU. Aktive medlemmar er dei landa som ligg innanfor Det europeiske kringkastingsområdet eller er medlem i Europarådet.[1]

Det europeiske kringkastingsområde er definert av Den internasjonale teleunionen som:[2]

«Den vestlege grensa til Det europeiske kringkastingsområde går ved den vestlege grensa til Region 1, den austlege ved lengdegraden 40° aust for Greenwich og den sørlege ved breiddegraden 30° nord og inkluderer den vestlege delen av Sovjetunionen, den nordlege delen av Saudi-Arabia og delar av landa som omkrinsar Middelhavet innanfor desse grensene. I tillegg er Irak, Jordan og den delen av Tyrkia som ligg utanfor dei overnemnte grensene inkludert i Det europeiske kringkastingsområde».[3]

Den vestre grensa til Region 1 er trekt vest for Island.

Kva for land som kan delteke er ikkje stadfesta av den geografiske plasseringa innanfor kontinentet Europa, til tross for «Euro» i «Eurovision» – han har heller ikkje noko samband med Den europeiske unionen (EU). Fleire land som geografisk ligg utanfor grensene til Europa har delteke: Israel, Kypros og Armenia i Vest-Asia og Marokko i Nord-Afrika. Kypros og Armenia er medlemmar av Europarådet og Kypros òg medlem i EU. I tillegg har fleire transkontinentale land, som berre har ein del av sitt territorium i Europa delteke: Tyrkia, Russland, Georgia og Aserbajdsjan.[4] I 2015 fekk Australia i Oseania delteke i tevlinga på grunn av 60-årsjubiléet, trass i at landet ligg utanfor Det europeiske kringkastingsområde og ikkje er aktiv medlem i Den europeiske kringkastingsunionen.[5]

52 land har delteke minst éin gong, medan to land, Tunisia og Libanon, har meldt seg på, men trekt seg før tevlinga starta.[6] I tillegg har to av landa vorte oppløyst, fyrst Jugoslavia som seinare vart til Bosnia-Hercegovina, Kroatia, Slovenia, Makedonia og Serbia og Montenegro, og så Serbia og Montenegro som seinare vart til Serbia og Montenegro. I 1990 vart Vest-Tyskland sameint på nytt med Aust-Tyskland og landet fekk namnet Tyskland, som dei har delteke med sidan 1991.


År Land som debuterte i tevlinga
1956   Belgia,   Frankrike,   Vest-Tyskland,   Italia,   Luxembourg,   Nederland,   Sveits
1957   Austerrike,   Danmark,   Storbritannia
1958   Sverige
1959   Monaco
1960   Noreg
1961   Finland,   Spania,   Jugoslavia
1964   Portugal
1965   Irland
1971   Malta
1973   Israel
1974   Hellas
1975   Tyrkia
1980   Marokko
1981   Kypros
1986   Island
1993   Bosnia-Hercegovina,   Kroatia,   Slovenia
1994   Estland,   Ungarn,   Litauen,   Polen,   Romania,   Russland,   Slovakia
1998   Makedonia
2000   Latvia
2003   Ukraina
2004   Albania,   Andorra,   Kviterussland,   Serbia og Montenegro
2005   Bulgaria,   Moldova
2006   Armenia
2007   Tsjekkia,   Georgia,   Montenegro,   Serbia
2008   Aserbajdsjan,   San Marino
2015   Australia

Vertskap endre

For meir om dette emnet, sjå Vertsbyar for Eurovision Song Contest.

Dei fleste land får arrangementet dekt av kommersielle sponsorar og bidrag frå dei andre deltakarlanda. Tevlinga vert sett på som ein unik moglegheit til å fremme vertslandet som turistdestinasjon. Sumaren 2005 avskaffa Ukraina normal visumplikt for besøkande frå Den europeiske unionen (EU) fordi tevlinga vart halden i hovudstaden Kiev.

Forbredingane til tevlinga startar nokon veker etter at vinnarlandet bekreftar at dei har kapasitet til å arrangere tevlinga. Vertsbyen er som oftast hovudstaden. Dei to største arenaene var Parken i København, med plass til 38 000 personar, då Danmark var vertsland i 2001, og Düsseldorf Arena i Düsseldorf, med plass til 36 000 personar, då Tyskland var vertsland i 2011. Den minste byen som har arrangert tevlinga er Millstreet i Irland. Landsbyen som berre har 1 500 innbyggjarar arrangerte tevlinga i 1993 i Green Glens Arena, som har plass til 8 000 personar.

Vinnarar endre

 
Vinnarar.
For meir om dette emnet, sjå Vinnarar av Eurovision Song Contest.
År Vertsby Vinnarland Artist Vinnarsong Språk
1956   Lugano   Sveits Lys Assia «Refrain» Fransk
1957   Frankfurt am Main   Nederland Corry Brokken «Net als toen» Nederlandsk
1958   Hilversum   Frankrike André Claveau «Dors mon amour» Fransk
1959   Cannes   Nederland Teddy Scholten «Een beetje» Nederlandsk
1960   London   Frankrike Jacqueline Boyer «Tom Pilibi» Fransk
1961   Cannes   Luxembourg Jean-Claude Pascal «Nous les amoureux» Fransk
1962   Luxembourg   Frankrike Isabelle Aubret «Un premier amour» Fransk
1963   London   Danmark Grethe og Jørgen Ingmann «Dansevise» Dansk
1964   København   Italia Gigliola Cinquetti «Non ho l'età» Italiensk
1965   Napoli   Luxembourg France Gall «Poupée de cire, poupée de son» Fransk
1966   Luxembourg   Austerrike Udo Jürgens «Merci Chérie» Tysk
1967   Wien   Storbritannia Sandy Shaw «Puppet on a String» Engelsk
1968   London   Spania Massiel «La, la, la» Spansk
1969   Madrid   Spania Salomé «Vivo cantando» Spansk
  Frankrike Frida Boccara «Un jour, un enfant» Fransk
  Nederland Lennie Kuhr «De troubador» Nederlandsk
  Storbritannia Lulu «Boom Bang a Bang» Engelsk
1970   Amsterdam   Irland Dana «All Kinds of Everything» Engelsk
1971   Dublin   Monaco Séverine «Un banc, un arbre, une rue» Fransk
1972   Edinburgh   Luxembourg Vicky Leandros «Apres toi» Fransk
1973   Luxembourg   Luxembourg Anne-Marie David «Tu te reconnaitras» Fransk
1974   Brighton   Sverige ABBA «Waterloo» Engelsk
1975   Stockholm   Nederland Teach-In «Ding-a-Dong» Engelsk
1976   Haag   Storbritannia Brotherhood of Man «Save Your Kisses For Me» Engelsk
1977   London   Frankrike Marie Myriam «L'oiseau et l'enfant» Fransk
1978   Paris   Israel Izhar Cohen «A-ba-ni-bi» Hebraisk
1979   Jerusalem   Israel Milk and Honey og Gali «Hallelujah» Hebraisk
1980   Haag   Irland Johnny Logan «What’s Another Year» Engelsk
1981   Dublin   Storbritannia Bucks Fizz «Making Your Mind Up» Engelsk
1982   Horrogate   Vest-Tyskland Nicole «Ein bißchen frieden» Tysk
1983   München   Luxembourg Corinne Hermès «Si la vie est cadeau» Fransk
1984   Luxembourg   Sverige Herreys «Diggi-Loo Diggi-Ley» Svensk
1985   Göteborg   Noreg Bobbysocks «La det swinge» Norsk
1986   Bergen   Belgia Sandra Kim «J'aime la vie» Fransk
1987   Brussel   Irland Johnny Logan «Hold Me Now» Engelsk
1988   Dublin   Sveits Céline Dion «Ne partez pas sans moi» Fransk
1989   Lausanne   Jugoslavia Riva «Rock Me, Baby» Serbokroatisk
1990   Zagreb   Italia Toto Cutugno «Insieme: 1992» Italiensk
1991   Roma   Sverige Carola Häggkvist «Fångad av en stormvind» Svensk
1992   Malmö   Irland Linda Martin «Why Me?» Engelsk
1993   Millstreet   Irland Niamh Kavanagh «In Your Eyes» Engelsk
1994   Dublin   Irland Paul Harrington og Charlie McGettigan «Rock’n Roll Kids» Engelsk
1995   Dublin   Noreg Secret Garden «Nocturne» Norsk
1996   Oslo   Irland Eimear Quinn «The Voice» Engelsk
1997   Dublin   Storbritannia Katrina and The Waves «Love Shine a Light» Engelsk
1998   Birmingham   Israel Dana International «Diva» Hebraisk
1999   Jerusalem   Sverige Charlotte Nilsson «Take Me to Your Heaven» Engelsk
2000   Stockholm   Danmark Olsen Brothers «Fly on the Wings of Love» Engelsk
2001   København   Estland Tanel Padar og Dave Benton «Everybody» Engelsk
2002   Tallinn   Latvia Marija Naumova «I Wanna» Engelsk
2003   Riga   Tyrkia Sertab Erener «Everyway That I Can» Engelsk
2004   Istanbul   Ukraina Ruslana «Wild Dances» Engelsk og ukrainsk
2005   Kiev   Hellas Élena Paparízou «My Number One» Engelsk
2006   Aten   Finland Lordi «Hard Rock Hallelujah» Engelsk
2007   Helsingfors   Serbia Marija Šerifović «Molitva» Serbisk
2008   Beograd   Russland Dima Bilan «Believe» Engelsk
2009   Moskva   Noreg Alexander Rybak «Fairytale» Engelsk
2010   Bærum   Tyskland Lena Meyer-Landrut «Satellite» Engelsk
2011   Düsseldorf   Aserbajdsjan Ell & Nikki «Running Scared» Engelsk
2012   Baku   Sverige Loreen «Euphoria» Engelsk
2013   Malmö   Danmark Emmelie de Forest «Only Teardrops» Engelsk
2014   København   Austerrike Conchita Wurst «Rise Like a Phoenix» Engelsk
2015   Wien   Sverige Måns Zelmerlöw «Heroes» Engelsk
2016   Stockholm   Ukraina Jamala «1944» Engelsk og krimtatarisk
2017   Kiev   Portugal Salvador Sobral «Amar pelos dois» Portugisisk
2018   Lisboa   Israel Netta Barzilai «Toy» Engelsk
2019   Tel Aviv   Nederland Duncan Laurence «Arcade» Engelsk
2020   Rotterdam Tevling avlyst
2021   Rotterdam   Italia Måneskin «Zitti e buoni» Italiensk
2022   Torino   Ukraina Kalush Orchestra «Stefanija» Ukrainsk
2023   Liverpool   Sverige Loreen «Tattoo» Engelsk

Spania, Frankrike, Nederland og Storbritannia vann tevlinga i 1969 av di det ikkje var nokon reglar for kva som skjer om fleire land får like mange poeng. Med reglane ein nyttar i dag ville Frankrike vunne.

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Eurovision Song Contest