Eurovision Song Contest 1958 (ESC 1958) var den tredje gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i AVRO Studios i Hilversum i Nederland. Finalen fann stad onsdag 12. mars. Frankrike vann tevlinga med songen «Dors, mon amour», sunge av André Claveau.
Eurovision Song Contest 1958
|
|
|
|
Dato
|
Vertskap
|
|
|
|
Kringkastar(ar)
NTS |
|
Varigskap
|
Opningsnummer
|
Pausenummer
|
Finalen |
Metropole Orkest
|
Bidrag
|
|
|
Kart
|
ESC 1958 Map.svg
|
██ Land som deltok i tevlinga
██ Land som ikkje deltok i tevlinga
|
|
Røysting
|
Eurovision Song Contest
|
|
Tevlinga vart for fyrste gong arrangert av landet som vann året før, ein tradisjon som er vorte halden i hevd sidan. Røystinga gjekk føre seg på same måte som året før: Alle deltakarlanda hadde ein jury med ti medlemmar kvar, der kvart medlem gav eit poeng til den songen han eller ho likte best. Juryen var basert i heimlandet og vart kontakta via telefon. Sjølv om «Nel blu dipinto di blu», sungen av Domenico Modugno for Italia, berre enda på tredjeplass, vart han ein internasjonal bestseljar, kanskje best kjend under namnet «Volare». Songen låg mellom anna på fyrsteplass på den amerikanske Billboard-lista og vart løna med tre Grammy-prisar.
Sverige deltok i tevlinga for fyrste gong med ei av sine største stjerner på den tida, Alice Babs. Storbritannia trekte seg frå tevlinga slik at det var ti deltakarar, akkurat som i 1957. Eurovision Song Contest 1956 og Eurovision Song Contest 1958 er dei einaste tevlingane der det ikkje har vorte sunge nokon bidrag på engelsk.
- Finalen vart halden den 12. mars i AVRO Studios.
- Frankrike vann tevlinga for fyrste gong.
- Italia framførte sin låt to gongar på grunn av tekniske problem. Problemet førte til fyrste bruken av skiltet på fjernsynsskjermen der det står «Brot på biletsambandet med utlandet».
- Nederland og Luxembourg enda på ein delt niandeplass.
Artistar som har delteke tidlegare
endre
Det var den fyrste gongen at to tidlegare vinnarar deltok i tevlinga same år. Andre, og førebels siste, gongen det hende var i 2011.