Eurovision Song Contest 1968

Eurovision Song Contest 1968 var den 13. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemmane av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Tevlinga blei arrangert laurdag 6. april 1968 i Royal Albert Hall i London i Storbritannia. Katie Boyle leia sin tredje finale, og 17 land deltok. Finalen var den fyrste som ble produsert og send i farger, sjølv om dei fleste landa overførte han i svart-kvitt. Den store førehandsfavoritten var superstjerna Cliff Richard med «Congratulations», men i den spennande avrøystinga måtte han gje tapt med eit poeng for spanske Massiel og «La, la, la». Dette var den fyrste sigeren til Spania i Eurovision Song Contest. Noreg blei representert av Odd Børre og låten «Stress». Det norske bidraget blei nummer 13 med 2 poeng.

Eurovision Song Contest 1968
Dato
Vertskap
Stad
Royal Albert Hall
London i Storbritannia
Programleiar(ar)
Katie Boyle
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Kart
Røysting
Vinnar
Spania med «La, la, la» av Massiel
Eurovision Song Contest
1967 1969

Sendinga endre

 
Royal Albert Hall blei oppført i 1871 og husa Eurovision Song Contest 1968.

Dette var den tredje gongen Storbritannia arrangerte ein Eurovision-finale, men det var fyrste gongen landet var vertskap etter sjølv å ha vunne. Dei to fyrste gongane, i 1960 og 1963, hadde BBC tredd inn som vert etter at høvesvis Nederland og Frankrike avstod av økonomiske årsaker. I 1967 vann Storbritannia Eurovision Song Contest for fyrste gang – med Sandie Shaw og «Puppet on a String». BBC la nok ein gong finalen til London, denne gongen til det velkjende konserthuset Royal Albert Hall i South Kensington. Med 6000 publikummarar i salen var dette den største konsertarenaen i tevlinga til då.

17 land, dei same som året før, deltok i tevlinga. Rekkefølgja blei avgjort ved loddtrekking, og Portugal starta, mens Jugoslavia avslutta. I likskap med året før trekte Noreg startnummer 13.

TV-personlegdommen Katie Boyle var også denne gong programleiar, ein jobb ho også hadde i 1960 og 1963 – i tillegg til i 1974. Sendinga frå London blei overført til 25 land og eit potensielt publikum på 200 millionar menneske. I tillegg til dei 17 deltakerlanda blei finalen også sendt i Tunisia og Aust-Europa. Sendinga varte i 1 time og 37 minuttar.

Fargane kjem endre

For fyrste gong blei Eurovision Song Contest produsert og send i fargar, men det var berre eit fåtal land som overførte sendinga i fargar: Frankrike, Tyskland, Nederland, Noreg, Sverige, Sveits og Storbritannia,[1] men Storbritannia sendte tevlinga direkte i svart-kvitt på BBC1. Fargesendinga blei fyrst vist i opptak på BBC2 dagen etter.[2] NRK Fjernsynet overførte også sendinga i fargar, sjølv om Noreg var fleire år unna farge-tv. I Noreg kom fargane fyrst som prøvesendingar i 1972, og fast frå 1975.[3] Men NRK hadde teknisk moglegheit til å motta og vidareformidle farge-tv-sendingar, noko kanalen også gjorde med sendingane frå Sommar-OL i Mexico same år.[4] Svært få nordmenn hadde ein farge-mottakar i 1968, og difor fekk kommentator Roald Øyen oppgåva med å formidle fargeinntrykka til norske tv-sjåarar. Som Øyen sjølv kommenterte frå London: «Så sant jeg får tid, skal jeg prøve å gi dere en beskrivelse av de forskjellige fargesammensetninger i klær og kostymer (…), så kan dere også få noe å le av innimellom».[5]

Hitar og vinnarar endre

 
Cliff Richard var den store favoritten før finalen.

Den soleklåre førehandsfavoritten dette året var vertsnasjonen sjølv, som blei representert av Cliff Richard og «Congratulations». Britisk presse var så sikre på britisk siger at dei stilte spørsmålet: «Kven blir nummer to?».[6] Cliff Richard stilte sigerssikker på scena i blå dress og skjorte med frysjeblonder i halsen – til ville skrik frå tenåringane i salen. Men under den dramatiske avrøystinga blei den britiske superstjerna slegen av spanske Massiel med eit poeng. Selv om «Congratulations» ikkje vann Eurovision, blei songen likevel den klårt største hiten i Europa dette året. Songen toppa singellistene i blant anna Storbritannia, Irland, Sverige, Nederland og i Spania, som vann tevlinga. Også i Noreg gjekk den britiske låten til topps og blei liggjande på toppen av VG-lista i heile ni veker.[7] Sidan har songen blitt ein evergreen og er framleis ein av dei aller mest kjende frå historia av Eurovision Song Contest. Under jubileumsshowet til Eurovision Song Contest i 2005 blei «Congratulations» kåra til den åttande beste låten frå dei fyrste 50 åra av tevlinga.

Vinnarlåten «La, la, la» fekk mindre kommersiell suksess. Songen var derimot omslutta av fleire kontroversar. Opphavleg skulle artisten Juan Manuel Serrat synge songen, men han blei erstatta med Massiel kort tid før den internasjonale finalen. Årsaka var at Serrat kravde å få syngje songen på katalansk, noko Franco-regjeringa nekta å godta. I songen blir ordet «la» sunge heile 138 gongar.[1][8]

 
Massiel skaffa Spania sin fyrste sigerr.

I 2008 hevda ein spansk dokumentarfilm at general Franco hadde rigga avrøystinga i Eurovision Song Contest. Dokumentaren hevda at det spanske regimet hadde fått spanske TVE til å reise rundt i Europa for å kjøpe røystene til fleire av dommarane. Ein siger skulle betre det internasjonale omdømet til Spania.[9][10][11] Massiel blei rasande over påstandane i dokumentaren og sa at ho vann fordi ho hadde ein betre song. Massiel meinte også at påstandane var drivne fram som følgje av hard konkurranse mellom spanske tv-kanalar, og at dokumentaren var laga for å trekkje sjåarar.[12] José María Íñigo, mannen som fyrst kom med påstandane i dokumentaren, trakk seinare utsegnene sine. I staden sa han: «Om det hadde vore ein slik manipulering, hadde det nok skjedd med ein annan artist, tettare knytta til regimet.»[13] Det svenske bidraget «Det börjar verka kärlek, banne mej», med Claes-Göran Hederström, blei også populær i Noreg. Songen kom på femteplass i tevlinga, godt hjelpt av seks poeng frå den norske jurygruppa. Etter finalen blei låten liggjande 13 veker på VG-lista med andreplass som høgaste notering, berre slått av «Congratulations».[14]

Det norske bidraget endre

Noreg deltok i Eurovision Song Contest for niande gong, og for fyrste gong med ein låt som ikkje hadde vunne den norske finalen. Vinnarsongen, «Jeg har aldri vært så glad i noen som deg», blei nemleg trekt på grunn av plagiatpåstander. I staden var det andreplassen, «Stress» og Odd Børre, som blei sendt til London. Songen var komponert av Tor Hultin med tekst av Ola B. Johannessen, same duo som stod bak den norske vinnaren i 1967.

Noreg var det 13. landet ut på scena i London, og Øivind Bergh dirigerte orkesteret. Den norske songen fekk berre to poeng, eit frå Luxembourg og eit frå Spania. Den norske juryen gav 6 poeng til Sverige, 2 til Portugal, 1 til Finland og 1 til vinnarlandet Spania. Sverre Christophersen las poenga frå den norske jurygruppa frå studio på NRK Marienlyst i Oslo. Roald Øyen kommenterte sendinga frå London.

Dette året var Noreg på sett og vis representert gjennom to land. Wenche Myhre representerte nemleg Vest-Tyskland med songen «Ein Hoch der Liebe». I påskegul kjole song Myhre Vest-Tyskland inn til ein sjetteplass – utan å få poeng frå den norske jurygruppa.

Deltakarar endre

Liste over deltakarane og det offisielle resultatet.[15] Tabellen er rangert etter startrekkefølgje, plasseringa og poengsummen er i kolonnane til høgre.

Startnr. Land Artist Song Språk[16] Plass Poeng
01   Portugal Carlos Mendes «Verão» Portugisisk 11 5
02   Nederland Ronnie Tober «Morgen» Nederlandsk 16 1
03   Belgia Claude Lombard «Quand tu reviendras» Fransk 7 8
04   Austerrike Karel Gott «Tausend Fenster» Tysk 13 2
05   Luxembourg Chris Baldo og Sophie Garel «Nous vivrons d'amour» Fransk 11 5
06   Sveits Gianni Mascolo «Guardando il sole» Italiensk 13 2
07   Monaco Line og Willy «À chacun sa chanson» Fransk 7 8
08   Sverige Claes-Göran Hederström «Det börjar verka kärlek, banne mej» Svensk 5 15
09   Finland Kristina Hautala «Kun kello käy» Finsk 16 1
10   Frankrike Isabelle Aubret «La source» Fransk 3 20
11   Italia Sergio Endrigo «Marianne» Italiensk 10 7
12   Storbritannia Cliff Richard «Congratulations» Engelsk 2 28
13   Noreg Odd Børre «Stress» Norsk 13 2
14   Irland Pat McGuigan «Chance of a Lifetime» Engelsk 4 18
15   Spania Massiel «La, la, la» Spansk 1 29
16   Tyskland Wencke Myhre «Ein Hoch der Liebe» Tysk 6 11
17   Jugoslavia Dubrovački trubaduri «Jedan dan» Serbokroatisk 7 8

Artistar som har delteke tidlegare endre

Artist Land Deltok i Merkandar
Isabelle Aubret   Frankrike 1962 Vinnar av Eurovision Song Contest 1962

Poengtavle endre

Tavla er ordna etter stemmerekkefølgja i finalen.[17]

Deltakarland Poenggjevande land Sum Plass
                                 
  Portugal 2 3 5 11
  Nederland 1 1 16
  Belgia 1 1 1 3 1 1 8 7
  Austerrike 2 2 13
  Luxembourg 1 1 1 1 1 5 11
  Sveits 2 2 13
  Monaco 2 1 3 1 1 8 7
  Sverige 1 1 1 2 6 4 15 5
  Finland 1 1 16
  Frankrike 3 6 2 3 3 1 2 20 3
  Italia 1 2 2 2 7 10
  Storbritannia 1 2 2 1 4 5 3 2 4 1 1 2 28 2
  Noreg 1 1 2 13
  Irland 1 1 1 4 1 4 6 18 4
  Spania 4 2 1 4 3 4 3 1 1 6 29 1
  Tyskland 1 1 2 5 2 11 6
  Jugoslavia 1 1 1 1 3 1 8 7

Kommentatorar og dirigentar endre

25 land kringkasta finalen: Dei 17 deltakarlanda, samt Tunisia, Bulgaria, Polen, Romania, Sovjetunionen, Tsjekkoslovakia, Ungarn og Aust-Tyskland gjennom Intervision. Kvart land hadde sin eigen dirigent og ein eigen kommentator som formidla informasjon, fargar og hendingar direkte til sjåarane heime. Roald Øyen kommenterte finalen direkte frå London for NRK Fjernsynet og NRK Radio. Oversikt over kommentatorar, dirigentar og poengopplesarar under Eurovision Song Contest 1968:[18][19]

Land Kringkastar Kommentator Poengopplesar  Dirigent[20]
  Portugal RTP Fialho Gouveia (RTP) Maria Manuela Furtado Joaquim Luís Gomes
  Nederland NTS Elles Berger (Nederland 1)[21] Willem Duys Dolf van der Linden
  Belgia BRT
RTB
Janine Lambotte (RTB)
Herman Verelst (BRT)
André Hagon Henri Segers
  Austerrike ORF Willy Kralick (ORF) Walter Richard Langer Robert Opratko
  Luxembourg CLT Jacques Navadic[22] (Télé-Luxembourg) N/A André Borly
  Sveits TV DRS
TSR
TSI
Theodor Haller (TV DRS)
Georges Hardy (TSR)
Giovanni Bertini (TSI)
Alexandre Burger Mario Robbiani
  Monaco Télé Monte-Carlo Pierre Tchernia (Télé Monte-Carlo) N/A Michel Colombier[23]
  Sverige Sveriges Radio Christina Hansegård (Sveriges Radio TV)[24] Edvard Matz[25] Mats Olsson
  Finland Yle Aarno Walli (TV-ohjelma 1) Poppe Berg Ossi Runne
  Frankrike ORTF Pierre Tchernia (Deuxième Chaîne de l'ORTF) Jean-Claude Massoulier[26] Alain Goraguer
  Italia Rai Renato Tagliani (Secondo Programma) Mike Bongiorno Giancarlo Chiaramello
  Storbritannia BBC  Ingen kommentator (BBC1)
Pete Murray (BBC Radio 1)
Michael Aspel Norrie Paramor
  Noreg NRK Roald Øyen (NRK Fjernsynet og NRK Radio) Sverre Christophersen Øivind Bergh
  Irland RTÉ Brendan O'Reilly (RTÉ Television)
Kevin Roche (Radio Éireann)
Gay Byrne Noel Kelehan
  Spania TVE Federico Gallo (TVE1) Joaquín Prat Rafael Ibarbia
  Tyskland ARD Hans-Joachim Rauschenbach (Deutsches Fernsehen) Hans-Otto Grünefeldt Horst Jankowski
  Jugoslavia JRT Miloje Orlović (Televizija Beograd)
Mladen Delić (Televizija Zagreb)
Tomaž Terček (Televizija Ljubljana)
Snežana Lipkovska-Hadžinaumova Miljenko Prohaska

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Eurovision Song Contest London 1968». Henta 24. juli 2017. 
  2. «Fifty years ago the BBC broadcast the first colour programme». Mail Online. 23. juni 2017. Henta 24. juli 2017. 
  3. NRK (21. juni 2008). «NRK 75 år». NRK (på norsk). Henta 24. juli 2017. 
  4. «Farge-TV fra Mexico-OL». Radio- og TV-bladet: 32. oktober 1968. 
  5. Roald Øyen (kommentator) (6. april 1968). «Eurovision Song Contest 1968 – full show». BBC/EBU via YouTube. Henta 24. juli 2017. 
  6. O'Connor, John Kennedy: The Eurovision Song Contest – Official History. Carlton Books ISBN 978-1844429943
  7. «VG-lista for 'Congratulations'». VG Nett. Henta 18. februar 2017. 
  8. «La, la, la by Massiel». Songfacts. Henta 9. februar 2017. 
  9. «Franco stole Cliff Richard's 1968 Eurovision glory by fixing vote». Chinapost.com.tw. 7. mai 2008. Henta 24. juni 2010. 
  10. «Congratulations... 40 years late». BBC News. 5. mai 2008. Henta 7. mai 2010. 
  11. Govan, Fiona (4. mai 2008). «How Franco cheated Cliff out of Eurovision title». The Daily Telegraph (London). Henta 7. mai 2010. 
  12. «La prensa británica se escandaliza con el tongo de Massiel». elConfidencial.com. Henta 24. juni 2010. 
  13. «Massiel e Iñigo acusan a La Sexta de 'urdir todo para favorecer a Chikilicuatre'». elmundo.es. Henta 6. juni 2014. 
  14. «VG-lista – Claes Gøran Hederstrøm / Det börjar verka kärlek banne mej». lista.vg.no. Henta 24. juli 2017. 
  15. «Final of London 1968 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. september 2022. 
  16. «Eurovision Song Contest 1968». The Diggiloo Thrush. Henta 23. juli 2017. 
  17. «Eurovision Song Contest 1968 – Scoreboard». eurovision.tv. Arkivert frå originalen 22. oktober 2017. Henta 24. juli 2017. 
  18. Roxburgh, Gordon (2012). Songs For Europe The United Kingdom at The Eurovision Song Contest Volume One: The 1950s and 1960s. UK: Telos. s. 326. ISBN 978-1-84583-065-6. 
  19. «The Eurovision Song Contest (1968)». imdb.com. Henta 24. juli 2017. 
  20. «And the conductor is …». And the Conductor Is. Henta 23. april 2017. 
  21. «Nederlandse televisiecommentatoren bij het Eurovisie Songfestival». Eurovision Artists (på nederlandsk). 
  22. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  23. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  24. Leif Thorsson. Melodifestivalen genom tiderna (2006), side 74. Stockholm: Premium Publishing AB. ISBN 91-89136-29-2
  25. «Infosajten.com». Infosajten.com. Arkivert frå originalen 18. juli 2012. Henta 10. august 2012. 
  26. Tchernia, Pierre et al. (8. april 1967). 11ème Concours Eurovision de la Chanson 1967 [Eurovision Song Contest 1967] (tv-produksjon). Østerrike: ORF, ORTF (kommentar). 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Eurovision Song Contest 1968