Opna hovudmenyen

Eurovision Song Contest 1975 (ESC 1975) var den 20. gongen Eurovision Song Contest blei arrangert. Konkurransen blei halden i Sankt Eriks-Mässan i Stockholm i Sverige. Finalen fann stad laurdag 22. mars. Nederland vann konkurransen med songen «Ding-A-Dong», framført av Teach-Inengelsk.

Eurovision Song Contest 1975
ESC 1975 logo.png
Dato
Vertskap
Stad
Sankt Eriks-Mässan
Flagget til Sverige Stockholm i Sverige
Programleiar(ar)
Karin Falck
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Debuterte
Flag of Turkey.svg Tyrkia
Attende
Flag of France.svg Frankrike
Flag of Malta.svg Malta
Trekte seg
Flag of Greece (1822-1978).svg Hellas
Kart
Røysting
Vinnar
Det nederlandske flagget «Ding-A-Dong»
Eurovision Song Contest
1974 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg 1976
██ Land som deltok i konkurransen██ Land som ikkje deltok i konkurransen

Fleire land nytta seg av høvet til å ikkje synge på nasjonalspråket. Land som Portugal og Jugoslavia song på engelsk under prøvane som blei vist for juryane, for deretter å synge på nasjonalspråket under fjernsynssendinga. Det portugisiske bidraget «Madrugada» var ei hyllest til nellikrevolusjonen, der songen hadde spela ei nøkkelrolle. Ifølgje historikaren John Kennedy O'Connor skal den portugisiske artisten ha måtta blitt overtala til å ikkje ha på seg militæruniform, og til å ikkje ha med seg våpen på scena.

Poengsystemet der juryen for kvart gjev poeng i valørane 12, 10 og 8–1 til sine favorittbidrag, blei innført i 1975, og dette systemet blir framleis brukt i konkurransen. Forslaget kom frå finsk TV, og målet var å forhindre at bidrag skulle få null poeng. Stemmene blei presentert i den rekkjefølgja bidraga hadde blitt framført i, ikkje i stigande rekkjefølgje, slik som i dag. Dette blei innført fyrst i 1980.

Tyrkia deltok for fyrste gong i Eurovision Song Contest dette året, og Hellas trekte seg frå konkurransen som følgje av den tyrkiske invasjonen av Nord-Kypros. Frankrike og Malta kom tilbake til konkurransen. Totalt 19 bidrag deltok i konkurransen, noko som var ny rekord.

BidragaEndra

FinaleEndra

Nr. Land Artist Song Språk Plass Poeng
1.   Nederland Teach-In «Ding-A-Dong» Engelsk 1 152
2.   Irland The Swarbriggs «That's What Friends Are For» Engelsk 9 68
3.   Frankrike Nicole Rieu «Et bonjour à toi l'artiste» Fransk 4 91
4.   Vest-Tyskland Joy Fleming «Ein Lied kann eine Brücke sein» Tysk, engelsk 17 15
5.   Luxembourg Geraldine Branagan «Toi» Fransk 5 84
6.   Noreg Ellen Nikolaysen «Touch My Life (With Summer)» Engelsk 18 11
7.   Sveits Simone Drexel «Mikado» Tysk 6 77
8.   Jugoslavia Pepel In Kri «Dan ljubezni» Slovensk 13 22
9.   Storbritannia The Shadows «Let Me Be The One» Engelsk 2 138
10.   Malta Renato Micallef «Singing This Song» Engelsk 12 32
11.   Belgia Ann Christy «Gelukkig zijn» Nederlandsk, engelsk 15 17
12.   Israel Shlomo Artzi «את ואני» («At Va'Ani») Hebraisk 11 40
13.   Tyrkia Semiha Yankı «Seninle Bir Dakika» Tyrkisk 19 3
14.   Monaco Sophie «Une chanson c'est une lettre» Fransk 13 22
15.   Finland Pihasoittajat «Old Man Fiddle» Engelsk 7 74
16.   Portugal Duarte Mendes «Madrugada» Portugisisk 16 16
17.   Spania Sergio y Estíbaliz «Tú volverás» Spansk 10 53
18.   Sverige Lasse Berghagen «Jennie, Jennie» Engelsk 8 72
19.   Italia Wess & Dori Ghezzi «Era» Italiensk 3 115

KjelderEndra