Opna hovudmenyen

Eurovision Song Contest 1994 (ESC 1994) var den 39. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Point Theatre i Dublin i Irland. Finalen fann stad laurdag 30. april. Irland vann tevlinga med songen «Rock 'n' Roll Kids», framførd av Paul Harrington og Charlie McGettigan.

Eurovision Song Contest 1994
Offisiell tittel
39. Eurovision Song Contest
Dato
Finalen 30. april 1994
Vertskap
Stad
Point Theatre i Dublin i Irland
Programleiar(ar)
Cynthia Ní Mhurchú
Gerry Ryan
Kringkastar(ar)
Raidió Teilifís Éireann
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Antal bidrag
25
Debuterte
Estland
Ungarn
Litauen
Polen
Romania
Russland
Slovakia
Trekte seg
Italia
Ikkje kvalifisert
Belgia
Israel
Danmark
Tyrkia
Slovenia
Luxembourg
Ikkje med
Jugoslavia (deltakingsforbod)
Monaco
Marokko
Kart
ESC 1994 Map.svg
██ Land som deltok i tevlinga██ Land som ikkje deltok i tevlinga
Røysting
Vinnar
Irland
Eurovision Song Contest
1993 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg 1995

Estland, Ungarn, Litauen, Polen, Romania, Russland og Slovakia deltok i tevlinga for fyrste gong. Polen skapte skandale då Polen sin deltakar, Edyta Górniak, song på engelsk under generalprøven, som er den som blir vist til juryane som skal røyste. Dette er imot reglane som gjaldt denne gongen, som sa at deltakarane måtte synge på eit av dei offisielle språka i landet dei deltok for. 6 land kravde at Polen skulle bli diskvalifisert, men ifølgje reglane måtte 13 land krevje dette for at klagen skulle verte fremja. Polen fekk altså delta og kom til slutt på 2. plass.

Belgia, Israel, Slovenia, Danmark, Tyrkia og Luxembourg deltok ikkje dette året på grunn av den dårlege plasseringar deira året før. Då Italia trekte seg frå konkurransen fekk Kypros plassen istaden.

BidragaEndra

FinaleEndra

Nr. Land Artist Song Språk Plass Poeng
1.   Sverige Marie Bergman & Roger Pontare «Stjärnorna» Svensk 13 48
2.   Finland CatCat «Bye Bye Baby» Finsk 22 11
3.   Irland Paul Harrington & Charlie McGettigan «Rock 'n' Roll Kids» Engelsk 1 226
4.   Republikken Kypros Evridiki «Είμαι άνθρωπος κι εγώ»
(«Eimai Anthropos Ki Ego»)
Gresk 11 51
5.   Island Sigga «Nætur» Islandsk 12 49
6.   Storbritannia Frances Ruffelle «We Will Be Free (Lonely Symphony)» Engelsk 10 63
7.   Kroatia Tony Cetinski «Nek' ti bude ljubav sva» Kroatisk 16 27
8.   Portugal Sara Tavares «Chamar a música» Portugisisk 8 73
9.   Sveits Duilio «Sto pregando» Italiensk 19 15
10.   Estland Silvi Vrait «Nagu merelaine» Estisk 24 2
11.   Romania Dan Bittman «Dincolo de nori» Rumensk 21 14
12.   Malta Chris & Moira «More than Love» Engelsk 5 97
13.   Nederland Willeke Alberti «Waar is de zon?» Nederlandsk 23 4
14.   Tyskland MeKaDo «Wir geben 'ne Party» Tysk 3 128
15.   Slovakia Tublatanka «Nekonečná pieseň» Slovakisk 19 15
16.   Litauen Ovidijus Vyšniauskas «Lopšinė mylimai» Litauisk 25 0
17.   Noreg Elisabeth Andreassen & Jan Werner Danielsen «Duett» Norsk 6 76
18.   Bosnia-Hercegovina Alma Čardžić & Dejan Lazarević «Ostani kraj mene» Bosnisk 15 39
19.   Hellas Kostas Bigalis & The Sea Lovers «Το tρεχαντήρι»
(«To Trehandiri»)
Gresk 14 44
20.   Austerrike Petra Frey «Für den Frieden der Welt» Tysk 17 19
21.   Spania Alejandro Abad «Ella no es ella» Spansk 18 17
22.   Ungarn Friderika Bayer «Kinek mondjam el vétkeimet?» Ungarsk 4 122
23.   Russland Youddiph «Вечный странник»
(«Vyechniy stranik»)
Russisk 9 70
24.   Polen Edyta Górniak «To nie ja!» Polsk 2 166
25.   Frankrike Nina Morato «Je suis un vrai garçon» Fransk 7 74

KjelderEndra