Opna hovudmenyen

Eurovision Song Contest 1999 var den 44. Eurovision Song Contest, og vart arrangert den 29. mai 1999 i Merkaz HaKongresim HaBeinLeumi i Jerusalem i Israel. Israel fekk arrangementet etter at Dana International vann året før, i 1998. Programleiarane var Yigal Ravid, Dafna Dekel og Sigal Shahamon. Etter ei spanande avstemming vann Sverige sitt bidrag «Take me to your heaven» av Charlotte Nilsson. Dette var fjerde gongen Sverige vann i historia, og andre gongen dei vann i 1990-åra. (Carola vann i 1991 med «Fångad av en stormvind»).

Eurovision Song Contest 1999
Dato
Vertskap
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Attende
Flag of Bosnia and Herzegovina.svg Bosnia-Hercegovina
Flag of Denmark.svg Danmark
Flag of Iceland.svg Island
Flag of Lithuania.svg Litauen
Flag of Austria.svg Austerrike
Ikkje med
Flag of Finland.svg Finland
Flag of Greece.svg Hellas
Flag of North Macedonia.svg Republikken Makedonia
Flag of Romania.svg Romania
Flag of Slovakia.svg Slovakia
Flag of Switzerland.svg Sveits
Flag of Hungary.svg Ungarn
Kart
Røysting
Vinnar
Flag of Sweden.svg Sverige Take me to your heaven
Eurovision Song Contest
1998 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg 2000

Frå og med dette året droppa EBU regelen som sa at bidraga måtte vera på eitt av dei offisielle språka i landet det kom frå; deltakarane stod no fritt til å syngja på kva språk dei ville. I 1999 valde 13 av dei 23 landa å syngja heilt eller delvis på engelsk. Arrangøren trong heller ikkje å stille med eit orkester lenger, noko som har ført til at alle songane har blitt framført med singback sidan. Irske Johnny Logan, som har vunne tevlinga tre gonger (to gonger som artist, ein gong som låtskrivar) kritiserte denne avgjersla, og sa at tevlinga hadde vorte ei rein karaoke-tevling.

Latvia skulle eigentleg debutera, men trekte seg i siste liten. Som fylgje av dette vart Ungarn tilbode plassen deira. Då Ungarn avslo, fekk Portugal tilbodet om den ledige plassen, og dei takka ja. Ungarn kom ikkje att før i 2005.

Både Tyskland og Bosnia-Hercegovina måtte senda 2. plassane frå sine nasjonale finalar til Jerusalem. Dette kom av at vinnarane frå begge landa vart diskvalifiserte. Men både vinnaren i Tyskland, Corinna May, og vinnaren i Bosnia-Hercegovina, Hari Mata Hari, skulle koma att seinare, i kvar seg 2002 og 2006.

Artisten Selma frå Island med songen «All out of luck» var ein stor favoritt til å vinna tevlinga. Kypros vart på førehand tippa som ein av hovudutfordrarane hennar, men enda til slutt nest sist med berre to poeng (frå Storbritannia). Under avstemminga vart det ein kamp mellom Island, Kroatia, Sverige og Tyskland, der Island låg i teten det meste av tida. Bosnia-Hercegovina avgjorde til slutt det heile i Sverige sin favør, ved å gje dei 12 poeng og ingenting til Island.

Noreg sitt bidrag, «Living My Life Without You» av Stig van Eijk enda på 14. plass med 35 poeng.

ResultatEndra

Nr. Land Språk Artist Song Nynorsk omsetjing Plassering Poeng
1   Litauen Litauisk Aistė Smilgevičiūtė Strazdas Syngjande trost 20 13
2   Belgia Engelsk Vanessa Chinitor Like The Wind Som vinden 12 38
3   Spania Spansk Lydia No quiero escuchar Eg vil ikkje høyra 23 1
4   Kroatia Kroatisk Doris Dragović Marija Magdalena Maria Magdalena 4 118
5   Storbritannia Engelsk Precious Say It Again Sei det igjen 12 38
6   Slovenia Engelsk Darja Švajger For a Thousand Years For tusen år 11 50
7   Tyrkia Tyrkisk Tuğba Önal & Group Etnik Dön Artık Kom tilbake 16 21
8   Noreg Engelsk Stig Van Eijk Living My Life Without You Lever livet mitt utan deg 14 35
9   Danmark Engelsk Trine Jepsen & Michael Teschl This Time I Mean It Denne gongen meiner eg det 8 71
10   Frankrike Fransk Nayah Je veux donner ma voix Eg vil gje mi stemme 19 14
11   Nederland Engelsk Marlayne One Good Reason Ein god grunn 8 71
12   Polen Polsk Mietek Szczesniak Przytul mnie mocno Hald meg fast 17 19
13   Island Engelsk Selma All Out of Luck Tom for hell 2 146
14   Kypros Gresk Marlain Tha 'ne erotas Det vil vera kjærleik 22 2
15   Sverige Engelsk Charlotte Nilsson Take Me to Your Heaven Ta meg til ditt paradis 1 155
16   Portugal Portugisisk Rui Bandeira Como tudo começou Hvordan alt begynte 21 12
17   Republikken Irland Engelsk The Mullans When You Need Me Når du treng meg 17 18
18   Austerrike Engelsk Bobbie Singer Reflection Refleksjon 10 65
19   Israel Engelsk, hebraisk Eden Yom huledet (Happy Birthday) Bursdag (Gratulerer med dagen) 5 93
20   Malta Engelsk Times Three Believe 'n Peace Trur på fred 15 32
21   Tyskland Tysk, tyrkisk, Engelsk, Hebraisk Sürpriz Reise nach Jerusalem - Kudüs'e Seyahat Reisa til Jerusalem 3 140
22   Bosnia-Hercegovina Bosnisk/kroatisk/serbisk, fransk Dino & Béatrice Putnici Reisande 7 86
23   Estland Engelsk Evelin Samuel & Camille Diamond of Night Diamant av natta 6 90

KjelderEndra