Eurovision Song Contest 2020

Eurovision Song Contest 2020 (ESC 2020), offisielt 65. Eurovision Song Contest, skulle ha vore den 65. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga skulle ha vore arrangert i Rotterdam Ahoy i Rotterdam Nederland i mai 2020, etter at Duncan Laurence, som representerte Nederland, vann tevlinga året før med songen «Arcade».[4] [1] Semifinalane skulle ha vore arrangerte 12. og 14. mai, medan finalen skulle ha vore arrangert 16. mai. Programleiarar for Eurovision Song Contest 2020 ville ha vore Chantal Janzen, Edisilia Rombley og Jan Smit.[2] Konkurransen vart avlyst 18. mars 2020 for å hindre spreiinga av SARS-coV-2 og COVID-19 i Europa. I staden vart det bestemt at Nederland skulle få arrangere tevlinga i 2021.[5]

Eurovision Song Contest 2020
Offisiell tittel
65. Eurovision Song Contest
Dato
Semifinale 1 12. mai
Semifinale 2 14. mai
Finalen 16. mai
Vertskap
Stad
Rotterdam Ahoy i Rotterdam i Nederland[1]
Programleiar(ar)
Chantal Janzen
Edsilia Rombley
Jan Smit[2]
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Antal bidrag
41[3]
Attende
Bulgaria
Ukraina
Trekte seg
Montenegro
Ungarn
Kart
Røysting
Eurovision Song Contest
Tel Aviv 2019 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg Rotterdam 2021

Førtiein land skulle ha deltake i tevlinga. Bulgaria og Ukraina skulle vende tilbake til tevlinga etter eitt års pause. Montenegro og Ungarn valde å ikkje deltake i tevlinga.[3]

Avlysinga på grunn av koronaviruspandemienEndra

Vinteren 2019–2020 vart verda råka av eit omfattande koronavirusutbrot som kunne føre til luftvegsinfeksjonen covid-19. Det fyrste kjente utbrotet oppstod tidleg i Wuhan i Kina i desember 2019. Derfrå spreidde viruset seg etter kvart til heile verda, også til Europa – fyrst med eit større utbrot i Nord-Italia og etter kvart i Skandinavia.[6] I månadsskiftet februar–mars 2020 innførte dei fyrste europeiske landa strenge åtgjerder og restriksjonar for å avgrense epidemien, og i mars erklærte Verdas helseorganisasjon utbrotet for ein pandemi.[7][8] Utover i mars fekk pandemien også konsekvensar for Eurovision Song Contest, og 18. mars 2020 vedtok EBU å avlyse heile arrangementet. Dette var fyrste gong i historia til Eurovision Song Contest at ei utgåve vart avlyst.[9][5]

Konsekvensar for nasjonale finalarEndra

Pandemien nådde Europa for fullt i slutten av februar, noko som førte til at fleire europeiske land raskt innførte strenge restriksjonar for innbyggjarar og daglegliv. I Danmark vedtok kringkastaren DR og danske myndigheiter at den danske finalen 7. mars skulle gå utan publikum – for fyrste gong i nyare tid.[10][11] Avgjersla kom etter at den danske regjeringa frårådde arrangement med meir enn 1000 personar på same stad.[12] Sverige heldt sin Melodifestival-finale same kveld, men vedtok til slutt å gjennomføre finalen med publikum.[13] Svenske SVT bad likevel publikummarar som følte seg dårleg, om å halde seg heime.[14] Den norske finalen vart arrangert før koronaviruset hadde nådd Norge, og gjekk dimed som planlagt 15. februar.

Fleire av deltakerartistane avlyste konsertar, og fleire fan-konsertar og arrangement vart avlyst.[15][16] Blant anna vart det tradisjonsrike Eurovision in Concert i Nederland avlyst.[17]

Eurovision Song Contest vert avlystEndra

Virusutbrotet skapa også utryggleik omkring avviklinga av Eurovision Song Contest i Rotterdam. I slutten av februar 2020 uttala ein nederlandsk virolog at ein burde vurdere å avlyse arrangementet for å hindre smittespreiing.[18] Den nederlandske kringkastaren NPO avviste dette og sa at dei samarbeidde tett med landets helsemyndigheiter.[19] Utover i mars dukka problematikken opp igjen, men NPO og den nederlandske statsministeren Mark Rutte gjentok at det ikkje var aktuelt å avlyse tevlinga.[20] Likevel såg kringkastaren og EBU på fleire kriseløysningar og alternativ dersom pandemien skulle setje ein stoppar for dei opprinnelege planane.[21][22][23]

Det viktige delegasjonsmøtet i Rotterdam 9. mars vart også råka av koronavirusutbrotet. Der møtast delegasjonar frå kvar av dei deltakande kringkastarane for å koordinere og kalibrere seg rundt planlegginga. Under møtet overleverte kvart land offisielt sitt bidrag til EBU, men fleire land heldt seg heime for å unngå smittespreiing – blant andre Hellas, Israel og Sverige.[24][25] Også EBU-leiinga, inkludert tevlingssjef Jon Ola Sand, melde avbod på grunn av virusutbrit ved EBU-hovudkvarteret i Genève.[26] Delegasjonsmøtet vart elles gjennomført som planlagt, og dei fråverande delegasjonane deltok via videokonferanse.

Utover i mars annonserte fleire artistar at dei ikkje ville reise til Nederland for å spele inn postkort-filmane som skulle synast foran kvart bidrag. Blant artistane som takka nei, var Eden Alene frå Israel og The Roop frå Litauen.[27] Arrangørkringkastarane opplyste at dei ville finne alternative måtar for å spele inn videoane. 13. mars melde EBU at planlegginga av tevlinga fortsatt gjekk som planlagd, men at det var «for tidleg å ta ei endelig avgjerd».[28] Same dag kunngjorde ordfører i Rotterdam Ahmed Aboutaleb at han innan 6. april ville ha ei endeleg avgjerd på om tevlinga skal arrangerast eller ikkje.[29] I midten av mars stengte ei rekkje europeiske land sine grenser og innførte strenge restriksjonar for innbyggjarar og kvardagsliv. 12. mars innførte Norge dei strengaste restriksjonane landet har opplevd i moderne fredstid. Blant anna forbaud regjeringa større arrangement, innførte reiseforbud for helsepersonell og fråråda alle utanlandsreiser.[30]

Fleire store internasjonale arrangement vart avlyst eller utsett – blant andre Fotball-EM for herrer, French Open og Meisterligaen.[31] EBU og arrangørkringkastarane utforska fleire alternativ som å utsetje arrangementet, la det gå utan publikum, eller la artistane opptre direkte frå et tv-studio i sitt eige land.[32][33] Til slutt forkasta EBU løysningane, og 18. mars kunngjorde unionen at Eurovision Song Contest 2020 var avlyst. Dette var fyrste gong i Eurovision Song Contest si historie at ei utgåve vart avlyst.[9]

I Nederland vart alle store arrangement, konsertar og folkesamlingar forbodne fram til minst 1. september 2020.[34][35] Ahoy Arena fungerte i staden som eit mellombels mottakssenter for sjuke, for å dekkje opp landets mangel på nok sjukesenger.[36][37] Bygginga av scena og montering av teknisk utstyr skulle ha starta 6. april.[38]

Som erstatning for den avlyste finalen sende EBU underhaldingsprogrammet Eurovision: Europe Shine a Light.[39] Programmet gjkk direkte frå Hilversum i Nederland lørdag 16. mai, med Chantal Janzen, Edsilia Rombley og Jan Smit som programledere. Erstatningsprogrammet var ingen tevling, men hylla i staden artistane og songane som skulle ha delteke i 2020.[40]

I Eurovision Song Contest 2021 deltok 26 av dei planlagte deltakarane frå 2020 med ein ny låt, og to øvrige deltakarar deltok i nasjonale finalar i 2021 utan å vinne.

Planlagt formatEndra

Logo og slagordEndra

Slagordet for tevlinga vart offentleggjord 24. oktober 2019.[41] Slagordet for tevlinga var Open Up («opn opp»), og refererte til at man skal opne seg opp for kvarandre, for musikken og for Rotterdam. Sjefsprodusent Sieste Bakker sa at dei hadde kikka etter eit slagord som reflekterte «det Nederland står for, og eit som nederlendarane kan identifisere seg med; eit land med et ope sinn mot verda, der vi kan sei det vi har på hjartet, med respekt for kvarandre».[41]

 
Chantal Janzen (t.v.), Jan Smit og Edsilia Rombley vart valde som programleiarar.

Logo og grafiske uttrykket til tevlinga vart presentert 28. november 2019 og var skapa av byrådet CLEVER°FRANKE. Logoen var ein stor sirkel med flaggfargane til dei 41 deltakarlanda i kronologisk rekkefølgje ut får debutåra til landa. Logoen bygde også på logodesigna frå 1970, 1976 og 1980 – då Nederland også arrangerte Eurovision Song Contest.[42] Den historiske referansen skulle ha markert 65-årsjubileet til Eurovision Song Contest i 2020.

ProgramleiararEndra

4. desember 2019 kunngjorde kringkastaren NPO at dei tre sendingane skulle leiast av tre programleiarar: skodespelar og tv-programleiar Chantal Janzen, songar og nederlandsk Eurovision-kommentator Jan Smit og sangeren Edsilia Rombley, som representerte Nederland i 1998 og 2007.[43][44]

AvrøystingsmetodeEndra

Den spanske delegasjonsleiaren avslørte 22. oktober 2019 at EBU hadde vurdert å endre det noverande avrøystingssystemet.[45] Blant anna bad EBU om synspunkt frå delegasjonane på saken, men ifølgje den greske delegasjonsleiaren røysta fleirtalet (80 prosent) av deltakarlanda for å behalde dagens system med 50 prosent jury og 50 prosent telefonavrøysting.[46]

Deltakande landEndra

Semifinale 1Endra

Sytten land skulle delta i den fyrste semifinalen 12. mai. Dei førehandskvalifiserte landa Italia, Nederland og Tyskland skulle framføre sine bidrag og røyste i denne semifinalen.[47] Den endelege startrekkefylgja skulle ha vore avgjort av showets produsentar i mars/april 2020.[48] I staden vart det offentleggjort ei startrekkefylgje i samband med konserten Eurovision Song Celebration 2020 på den offisielle YouTube-kanalen til Eurovision Song Contest 12. mai. Dette er startrekkefylgja EBU sjølv brukar.[49]

# Land[3][47] Artist Song Språk Omsetjing
01   Sverige[50] The Mamas «Move» Engelsk Beveg
02   Kviterussland[51] VAL «Da vidna» Kviterussisk Før daggry
03   Australia[52] Montaigne[53] «Don't Break Me» Engelsk Ikkje knekk meg
04   Nord-Makedonia[54] Vasil Garvanliev[55] «You» Engelsk Deg
05   Slovenia[56] Ana Soklič «Voda» Slovensk Vatn
06   Litauen[57] The Roop «On Fire» Engelsk I brann
07   Irland[58] Lesley Roy «Story of My Life» Engelsk Forteljinga om mitt liv
08   Russland Little Big «Uno» Engelsk og spansk Éin
09   Belgia[59] Hooverphonic[60] «Release Me» Engelsk Slepp meg fri
10   Malta[61] Destiny Chukunyere[62] «All of My Love» Engelsk All min kjærleik
11   Kroatia[63] Damir Kedžo «Divlji vjetre» Kroatisk Vill vind
12   Aserbajdsjan[64] Samira Efendi «Cleopatra» Engelsk Kleopatra
13   Kypros Sandro[65] «Running» Engelsk Løper
14   Noreg[66] Ulrikke Brandstorp «Attention» Engelsk Merksemd
15   Israel[67] Eden Alene[68] «Feker Libi» Engelsk, amharisk, hebraisk og arabisk Min elskede
16   Romania[69] Roxen[70] «Alcohol You» Engelsk Alkohol deg
17   Ukraina[71] Go_A «Solovej» Ukrainsk Nattergal

Semifinale 2Endra

Atten land skulle delta i den fyrste semifinalen 12. mai. Dei førehandskvalifiserte landa Frankrike, Spania og Storbritannia skulle framføre sine bidrag og røyste i denne semifinalen.[47] Den endelege startrekkefylgja skulle ha vore avgjort av produsentane av showet i mars/april 2020.[48] I staden vart det offentleggjort ei startrekkefylgje i samband med konserten Eurovision Song Celebration 2020 på den offisielle YouTube-kanalen til Eurovision Song Contest 14. mai. Dette er startrekkefylgja EBU sjølv brukar.[72]

# Land[3][47] Artist Song Språk Omsetjing
01   Hellas[73] Stefania[74] «SUPERG!RL» Engelsk Superjente
02   Estland[75] Uku Suviste «What Love Is» Engelsk Kva kjærleik er
03   Austerrike[76] Vincent Bueno «Alive»[77] Engelsk I live
04   Moldova Natalia Gordienko «Prison» Engelsk Fengsel
05   San Marino[78] Senhit «Freaky!» Engelsk Skremmande
06   Tsjekkia[79] Benny Cristo[80] «Kemama» Engelsk OK, mamma
07   Serbia[81] Hurricane «Hasta la vista» Serbisk Sjåast seinare
08   Polen[82] Alicja Szemplińska «Empires» Engelsk Imperium
09   Island[83] Daði og Gagnamagnið «Think About Things» Engelsk Tenk på ting
10   Sveits[84] Gjon's Tears «Répondez-moi» Fransk Svar meg
11   Danmark[85] Ben & Tan «Yes» Engelsk Ja
12   Albania[86] Arilena Ara[87] «Fall from the Sky» Engelsk Fall frå himmelen
13   Finland[88] Aksel Kankaanranta «Looking Back» Engelsk Ser tilbake
14   Armenia[89] Athena Manoukian[90] «Chains on You» Engelsk Lenker på deg
15   Portugal[91] Elisa «Medo de sentir» Portugisisk Redd for å føle
16   Georgia[92] Tornike Kipiani[93] «Take Me As I Am» Engelsk Ta meg slik som eg er
17   Bulgaria[94] Victoria[95] «Tears Getting Sober» Engelsk Tårer blir edru
18   Latvia[96] Samanta Tīna[97] «Still Breathing» Engelsk Pustar framleis

FinalenEndra

# Land[3] Artist Song Språk Omsetjing Poeng Plass
  Frankrike[98] Tom Leeb[99] «The Best in Me» Fransk og engelsk Det beste i meg
  Italia[100] Diodato[101] «Fai rumore» Italiensk Lag lyd
23   Nederland[4] Jeangu Macrooy[102] «Grow» Engelsk Vekse
  Spania[103] Blas Cantó[104] «Universo» Spansk Univers
  Storbritannia[105] James Newman «My Last Breath» Engelsk Mitt siste andedrag
  Tyskland[106] Ben Dolic «Violent Thing» Engelsk Valdeleg ting

Alternative sendingarEndra

Som følgje av avlysinga vart det arrangert fleire uoffisielle og offisielle sendingar og tevlingar av EBU, nasjonale kringkastarar og fans. Under er ei oversikt.

Eurovision Song Celebration 2020Endra

12. og 14. mai vart Eurovision Song Celebration 2020 arrangert på den offisielle YouTube-kanalen til Eurovision Song Contest. Dette var ei erstatning for dei to semifinalane, der alle dei 41 deltakarlåtane vart spelt. Men dette var inga tevling, berre ei framsyningav deltakarlåtane. Sendinga 12. mai tok for seg deltakarane i den fyrste semifinalen, i tillegg til vertslandet Nederland og to av dei fem store landa, Italia og Tyskland. 14. mai vart deltakarane i den andre semifinalen vist, saman med bidraga frå Frankrike, Spania og Storbritannia. Startrekkefølgja vart avgjord av produsentane, slik det ville ha blitt gjort om den reelle tevlinga hadde blitt arrangert. Fans bidrog også til sendingane med å spele inn videoar der dei framførte sine favorittbidrag.[107]

Eurovision: Europe Shine a LightEndra

Hovudartikkelen for dette emnet er Eurovision: Europe Shine a Light.

I staden for finalen gjekk EBU og dei nederlandske vertskringkastarane saman om eit felles-europeisk erstatningsshow, kalla Eurovision: Europe Shine a Light. Sendinga vart kringkasta direkte laurdag 16. mai 2020, same kveld som finalen skulle ha vore arrangert. Programleiarar var Chantal Janzen, Jan Smit og Edsilia Rombley. 46 land overførte sendinga, inkludert samtlege 41 land som skulle ha delteke i Eurovision Song Contest 2020.[108]

Alternative nasjonale sendingarEndra

Fleire av dei nasjonale kringkastarane arrangerte også eigne Eurovision-sendingar i løpet av den planlagde finaleveka.[109] Fleire land, blant andre Noreg og Sverige, heldt tevlingar der sjåarane røysta fram sine favorittar blant deltakarane.[110][111][112][113] Den svenske sendinga heitte Sveriges 12:a og vart send torsdag 14. mai, mens NRK sende Norge bestemmer fredag 15. mai.[114] I begge landa vart Island kåra til vinnar.[115] Andre land sende tidlegare finalar i reprise, eller synte spesialsendingar og historiske tilbakeblikk.[116][117][118]

Eurovision Home ConcertsEndra

YouTube-kanalen til Eurovision Song Contest arrangerte også Eurovision Home Concerts kvar fredag frå 3. april 2020. Under heimekonsertane framførte tidlegare og noverande deltakarar sine eigne og andre sine Eurovision-bidrag direkte frå heimane sine.[119]

#EurovisionAgainEndra

Då Eurovision Song Contest vart avlyst, vart den britiske journalisten Rob Holley skuffa over at han ikkje skulle få oppleve tevlinga saman med andre fans over heile verda. I staden lanserte han ideen om å sjå ein tidlegare finale saman på You Tube kvar veke. Felles sendestart var klokka 21 kvar laurdag fram mot Europe Shine A Light lørdag 16. mai. Kva for ein finale som skulle synast, vart fyrst offentleggjord 15 minuttar før sendestart.[120] Underveis kommenterte sjåarane sendinga og songane på Twitter, og røysta i tillegg fram sin vinnar.[121] Konseptet fekk namnet #EurovisionAgain, og vart raskt populær blant fans. Den store interessa førte til at EBU sjølv vart med på konseptet og flytta i april #EurovisionAgain til den offisielle YouTube-kanal til Eurovision Song Contest. På Twitter vart emneknaggen #EurovisionAgain blant dei mest nytta kvar laurdag kveld, og konseptet fekk ros frå fans og tidlegare deltakarar.[122]

#EurovisionAgain-sendinganeEndra

Sjå ògEndra

FotnotarEndra

  1. 1,0 1,1 «Rotterdam to host Eurovision 2020!». eurovision.tv. EBU. Henta 30. august 2019. 
  2. 2,0 2,1 «Exclusive: Introducing the Eurovision 2020 presenters!» (engelsk). Eurovision.tv. Henta 4. desember 2019. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 «41 countries will 'Open Up' at Eurovision 2020 in Rotterdam». eurovision.tv. EBU. Henta 13. november 2019. 
  4. 4,0 4,1 «Duncan Laurence wins Eurovision 2019 for the Netherlands». eurovision.tv. EBU. Henta 19. mai 2019. 
  5. 5,0 5,1 «Official EBU statement & FAQ on Eurovision 2020». eurovision.tv. 18. mars 2020. Henta 18. mars 2020. 
  6. Braseth, Sofie (6. mars 2020). «Italia: Voldsom økning i dødsfall». Dagbladet.no (norsk). Henta 7. mars 2020. 
  7. Dorholt, Ingunn; Jor, Brage Lie (11. mars 2020). «WHO: Coronautbruddet er en pandemi». Dagbladet.no (norsk). Henta 13. mars 2020. 
  8. «Coronavirus confirmed as pandemic». BBC News (engelsk). 11. mars 2020. Henta 13. mars 2020. 
  9. 9,0 9,1 Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet :16
  10. «Corona-tiltag rammer Melodi Grand Prix: Publikum får ingen adgang». DR (dansk). Henta 7. mars 2020. 
  11. Thomas Talseth, Cathrine Gonsholt Ighanian og Elise Alexandre Gulbrandsen (6. mars 2020). «Melodi Grand Prix i Danmark dropper publikum – svenskene i krisemøte». www.vg.no (norsk bokmål). Henta 7. mars 2020. 
  12. «Regeringen: Arrangementer med flere end 1.000 deltagere bør udskydes eller aflyses». DR (dansk). Henta 7. mars 2020. 
  13. «Dotters oro för coronaviruset i uppladdningen inför finalen». www.expressen.se (svensk). Henta 7. mars 2020. 
  14. «Danska Melodifestivalen blir utan publik efter coronalarm». SVT Nyheter (svensk). 6. mars 2020. Henta 7. mars 2020. 
  15. «Israel Calling 2020 cancelled amid uncertainty over the coronavirus outbreak». wiwibloggs (engelsk). 13. mars 2020. Henta 14. mars 2020. 
  16. «Spain's Eurovision PrePartyES 2020 cancelled due to Coronavirus». wiwibloggs (engelsk). 13. mars 2020. Henta 14. mars 2020. 
  17. «Eurovision in Concert will not take place on 4 April as Dutch government extends ban on large events». wiwibloggs (engelsk). 15. mars 2020. Henta 17. mars 2020. 
  18. «Viroloog Ab Osterhaus: ‘Coronavirus kan bedreiging vormen voor het Eurovisie Songfestival’». AD.nl. 24. februar 2020. Henta 7. mars 2020. 
  19. «Could Eurovision 2020 be cancelled because of coronavirus? NPO responds to virologist's comments». wiwibloggs (engelsk). 26. februar 2020. Henta 7. mars 2020. 
  20. «NPO: Meerdere scenario's Eurovisie Songfestival vanwege coronavirus». AD.nl. 6. mars 2020. Henta 7. mars 2020. 
  21. «🇳🇱 NPO has several Eurovision 2020 scenarios ready regarding Coronavirus». ESCXTRA.com (engelsk). 6. mars 2020. Henta 7. mars 2020. 
  22. «Eurovision 'looking at various scenarios' in case coronavirus crisis worsens». Metro (engelsk). 5. mars 2020. Henta 7. mars 2020. 
  23. «Eurovision organisers reviewing options amid coronavirus outbreak». Reuters (engelsk). 6. mars 2020. Henta 7. mars 2020. 
  24. «Eurovision 2020: Several scenarios in relation to coronavirus». Eurovisionworld. 6. mars 2020. Henta 7. mars 2020. 
  25. «Coronavirus Casts a Shadow on 2020 Eurovision Contest». Billboard. 6. mars 2020. Henta 7. mars 2020. 
  26. «Jon Ola Sand to miss Eurovision HoD Meet due to coronavirus travel ban». wiwibloggs (engelsk). 3. mars 2020. Henta 7. mars 2020. 
  27. «Lithuania: The Roop cancel postcard shoot as coronavirus precaution». wiwibloggs (engelsk). 12. mars 2020. Henta 13. mars 2020. 
  28. «Work on Eurovision 2020 continues». eurovision.tv. 13. mars 2020. Henta 13. mars 2020. 
  29. «Will Eurovision be cancelled over coronavirus? Rotterdam mayor wants decision made by April 6». wiwibloggs (engelsk). 12. mars 2020. Henta 14. mars 2020. 
  30. «De mest dramatiske grep i fredstid skal bremse coronaepidemien». www.abcnyheter.no (norsk). 12. mars 2020. Henta 18. mars 2020. 
  31. «Fotball-EM utsatt til 2021 – derfor avslørte Norge nyheten». www.vg.no (norsk bokmål). Henta 18. mars 2020. 
  32. «Slovenia: RTV SLO director claims EBU has a "plan B" for Eurovision». wiwibloggs (engelsk). 14. mars 2020. Henta 14. mars 2020. 
  33. «Eurovision 2020: Reference Group To Meet Over Coronavirus/COVID-19». wiwibloggs (engelsk). 16. mars 2020. Henta 17. mars 2020. 
  34. «Dit zijn de nieuwe coronamaatregelen op een rij». nos.nl (på nederlandsk). Henta 22. april 2020. 
  35. «Nederlandse aanpak van het coronavirus en veelgestelde vragen - Coronavirus COVID-19 - Rijksoverheid.nl». www.rijksoverheid.nl (på nederlandsk). Ministerie van Algemene Zaken. 13. mars 2020. Henta 22. april 2020. 
  36. «Eurovision venue turned into Covid-19 hospital». BBC News (på engelsk). Henta 26. april 2020. 
  37. Ahoy, Rotterdam. «Coronavirus (COVID-19)». www.ahoy.nl (på engelsk). Henta 16. april 2020. 
  38. «Cornald Maas over gevolgen Songfestival door corona». www.nporadio2.nl (på nederlandsk). Henta 9. april 2020. 
  39. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet :19
  40. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet :18
  41. 41,0 41,1 «‘Open Up’ to Eurovision 2020». Eurovision.tv. European Broadcasting Union. 24. oktober 2019. Henta 24. oktober 2019. 
  42. EBU (28. november 2019). «Rotterdam 2020 design celebrates 65 years of Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 7. desember 2019. 
  43. «Exclusive: Introducing the Eurovision 2020 presenters!». Eurovision.tv (European Broadcasting Union). Henta 4. desember 2019. 
  44. «Edsilia Rombley, Chantal Janzen en Jan Smit presenteren Songfestival». nos.nl. 4. desember 2019. 
  45. Granger, Anthony (22. oktober 2019). «EBU Consulting About Possible Changes To Eurovision Voting». Eurovoix (engelsk). Henta 7. desember 2019. 
  46. Granger, Anthony (30. oktober 2019). «Delegations Voted in Favour of Keeping 50/50 Split in Eurovision Voting». Eurovoix (engelsk). Arkivert frå originalen . Henta 7. desember 2019. 
  47. 47,0 47,1 47,2 47,3 «Which country performs in which Eurovision 2020 Semi-Final?» (engelsk). Eurovision.tv. Henta 28. januar 2020. 
  48. 48,0 48,1 «Semi-Final Allocation Draw pots for Eurovision 2020 revealed!». eurovision.tv. 25. januar 2020. Henta 28. januar 2020. 
  49. «First Semi-Final of Rotterdam 2020». eurovision.tv. Henta 16. mai 2020. 
  50. Granger, Anthony (3. mars 2019). «Sweden: P4 Nästa Opens Submissions Window for 2019». eurovoix.com. Henta 3. mars 2019. 
  51. «Belarus: BTRC Proposes Change in Eurovision Selection for 2020». Eurovoix.com. Eurovoix. Henta 19. februar 2019. 
  52. «Australia secures spot in Eurovision for the next five years». eurovision.tv. EBU. Henta 12. februar 2019. 
  53. «Australia Decided! It’s Montaigne to Rotterdam». Eurovision.tv. Henta 8. februar 2020. 
  54. «North Macedonia: MKRTV confirms participation in Eurovision 2020». ESCtoday.com. Henta 6. september 2019. 
  55. «North Macedonia sends Vasil to Rotterdam». Eurovision.tv (engelsk). 15. januar 2020. Henta 15. januar 2020. 
  56. «Slovenia: RTVSLO confirms participation in Eurovision 2020». ESCtoday.com. Henta 1. august 2019. 
  57. Šniolis, Lukas. «Po viešos kritikos – pokyčiai „Eurovizijoje“: žada permainas atrankoje ir didesnį finansavimą». 15min.lt. Henta 22. mai 2019. 
  58. «Ireland: RTE confirms participation in Eurovision 2020». ESCtoday.com. Henta 16. september 2019. 
  59. Granger, Anthony (15. mai 2019). «Belgium: VRT to Internally Select Eurovision 2020 Participant». Eurovoix (engelsk). Henta 15. mai 2019. 
  60. «Belgium chooses Hooverphonic for Eurovision 2020». Eurovision.tv. Henta 1. oktober 2019. 
  61. «Malta: PBS confirms participation in Eurovision 2020». ESCtoday.com. Henta 25. september 2019. 
  62. «Malta’s representative for Rotterdam is Destiny Chukunyere». Eurovision.tv (engelsk). 8. februar 2020. Henta 8. februar 2020. 
  63. «Croatia: HRT confirms participation in Eurovision 2020». ESCtoday.com. Henta 10. september 2019. 
  64. «Azerbaijan: Ictimai confirms participation in Eurovision 2020». ESCtoday.com. Henta 16. september 2019. 
  65. «Cyprus will be represented by Sandro in Rotterdam». Eurovision.tv (engelsk). 29. november 2019. Henta 29. november 2019. 
  66. «Norway: NRK Announces Changes for Melodi Grand Prix 2020». eurovoix.com. Eurovoix. Henta 5. november 2018. 
  67. «Israel: Eurovision 2020 Participation Confirmed». Eurovoix.com. Eurovoix. Henta 30. mai 2019. 
  68. «Israel chooses Eden Alene for Eurovision 2020». Eurovision.tv (engelsk). 4. februar 2020. Henta 5. februar 2020. 
  69. Granger, Anthony (11. mai 2019). «Romania: TVR Open To Changes To Selection Process». Eurovoix (på engelsk). Henta 12. mai 2019. 
  70. «Roxen to sing for Romania in Rotterdam». Eurovision.tv (engelsk). 11. februar 2020. Henta 11. februar 2020. 
  71. «UA:PBC and STB continued co-operation for the national selection for Eurovision for another three years». 17. oktober 2018. 
  72. «First Semi-Final of Rotterdam 2020». eurovision.tv. Henta 16. mai 2020. 
  73. «Greece: ERT confirms preliminary participation in Eurovision 2020». ESCtoday.com. Henta 7. september 2019. 
  74. «Stefania to sing 'SUPERG!RL' for Greece at Eurovision 2020». Eurovision.tv (engelsk). 3. februar 2020. Henta 3. februar 2020. 
  75. «Tomi Rahula: „Eesti laulule“ esitati lugusid viies keeles, poolfinaalid toimuvad Tartus | Õhtuleht». www.ohtuleht.ee (estisk). Henta 18. mai 2019. 
  76. «Austria: ORF confirms participation for Eurovision 2020». ESCXtra.com. Henta 25. mai 2019. 
  77. «Austria picks Vincent Bueno for Rotterdam 2020». Eurovision.tv (engelsk). 12. desember 2019. Henta 12. desember 2019. 
  78. Anthony Granger (20. mai 2019). «San Marino: Eurovision 2020 Participation Confirmed After Best Result To Date». Eurovoix.com. Henta 20. mai 2019. 
  79. «Czech Republic: Televised Selection To Determine Eurovision 2020 Entry». eurovoix.com. Eurovoix. Henta 28. januar 2019. 
  80. «Benny Cristo wins Czech national selection for Eurovision 2020». Eurovision.tv (engelsk). 3. februar 2020. Henta 3. februar 2020. 
  81. ESC, RTS | Serbia (19. mai 2019). «Holandija je pobednik Pesme Evrovizije 2019! The Netherlands won the @Eurovision! Congrats and big applause for all the contestants. See you in 2020!pic.twitter.com/EJyCrP4ihN». @SerbiaESC (engelsk). Henta 22. mai 2019. 
  82. «Poland: TVP confirms participation in Eurovision 2020». ESCtoday.com. Henta 2. oktober 2019. 
  83. «Iceland: RUV confirms participation in Eurovision 2020». ESCtoday.com. Henta 12. september 2019. 
  84. «Switzerland: SRF confirms participation in Eurovision 2020». ESCtoday.com. Henta 11. juli 2019. 
  85. «For første gang i 18 år: København skal være vært for Dansk Melodi Grand Prix 2020». DR (på dansk). Henta 12. mai 2019. 
  86. «Albania: RTSH confirms participation in Eurovision 2020; FiK 58 submission open». ESCtoday.com. Henta 22. juli 2019. 
  87. «It's Arilena Ara for Albania!». Eurovision.tv (engelsk). 22. desember 2019. Henta 22. desember 2019. 
  88. «Finland: YLE Considers Format Change for UMK». Eurovoix.com. Eurovoix. Henta 4. mars 2019. 
  89. «Armenia confirms national selection for 2020». eurovision.tv. Henta 27. mai 2019. 
  90. «Armenia: Athena Manoukian wins Depi Evratesil 2020 with “Chains On You”». Wiwibloggs.com (engelsk). 15. februar 2020. Henta 15. februar 2020. 
  91. «Portugal: Two Composers Already Confirmed for Festival da Canção 2020». eurovoix.com. Eurovoix. Henta 7. desember 2018. 
  92. «Georgia: GPB confirms participation in Eurovision 2020». ESCtoday.com. Henta 12. august 2019. 
  93. «Tornike Kipiani wins Georgia's national selection for Eurovision 2020». Eurovision.tv (engelsk). 31. desember 2019. Henta 31. desember 2019. 
  94. «Bulgaria: BNT confirms participation in Eurovision 2020». ESCtoday.com. Henta 30. oktober 2019. 
  95. «VICTORIA to represent Bulgaria at Eurovision 2020». Eurovision.tv (engelsk). 25. november 2019. Henta 25. november 2019. 
  96. «Latvia: Latvia confirms participation in Eurovision 2020». ESCtoday.com. Henta 10. oktober 2019. 
  97. «Latvia chooses Samanta Tīna». Eurovision.tv (engelsk). 8. februar 2020. Henta 8. februar 2020. 
  98. «France: France 2 confirms participation in Eurovision 2020». ESCtoday.com. Henta 23. september 2019. 
  99. «Tom Leeb will represent France at the Eurovision Song Contest 2020». Eurovision.tv. Henta 14. januar 2020. 
  100. «Italy: RAI confirms participation in Eurovision 2020». ESCtoday.com. Henta 8. oktober 2019. 
  101. «Italy: Diodato wins Sanremo 2020!». Eurovision.tv. 9. februar 2020. Henta 9. februar 2020. 
  102. «Jeangu Macrooy to represent the Netherlands in Rotterdam». Eurovision.tv. Henta 10. januar 2020. 
  103. «Spain: TVE confirms participation in Eurovision 2020». ESCtoday.com. Henta 18. september 2019. 
  104. «Blas Cantó to represent Spain in Eurovision 2020!». Eurovision.tv. Henta 5. oktober 2019. 
  105. «United Kingdom: BBC confirms participation in Eurovision 2020». ESCtoday.com. Henta 16. september 2019. 
  106. «Germany: Eurovision 2020 Participation Confirmed as Search Commences for ‘Eurovision Jury’ Members». eurovoix.com. Eurovoix. Henta 28. april 2019. 
  107. «Get ready for the Eurovision Song Celebration 2020!». eurovision.tv. 29. april 2020. Henta 30. april 2020. 
  108. «"Eurovision: Europe Shine A Light": 46 broadcasters will air the official ESC replacement programme». wiwibloggs (på engelsk). 16. april 2020. Henta 19. april 2020. 
  109. «Eurovision 2020 special public broadcasting plans». eurovision.tv. 5. mai 2020. Henta 5. mai 2020. 
  110. «"Mr. Song Contest proudly presents – Der ‚kleine‘ Song Contest" am 14., 16. und 18. April in ORF 1». tv.ORF.at (på tysk). Henta 12. april 2020. 
  111. «Klart för Eurovision-vecka i SVT». SVT Nyheter (på svensk). 3. april 2020. Henta 3. april 2020. 
  112. «Alla leið! Iceland's RÚV announces alternative Eurovision 2020 show». wiwibloggs (på engelsk). 18. april 2020. Henta 19. april 2020. 
  113. «Eurovision month! BBC reveals extensive ESC programme schedule...with "Europe Shine A Light" on BBC One». wiwibloggs (på engelsk). 1. mai 2020. Henta 5. mai 2020. 
  114. «Sarah Dawn Finer programleder låtsaseurovision». SVT Nyheter (svensk). 27. april 2020. Henta 10. mai 2020. 
  115. Brennås, Maiken Amanda (15. mai 2020). «Island ble Norges favoritt». NRK (norsk bokmål). Henta 16. mai 2020. 
  116. «SBS is uniting music fans with Eurovision 2020: Big Night In!». www.sbs.com.au (på engelsk). Henta 19. april 2020. 
  117. «Yle's Eurovision Diaries documentary to premiere on April 6». wiwibloggs (på engelsk). 4. april 2020. Henta 6. april 2020. 
  118. «AVROTROS reveals Dutch Eurovision week programming». wiwibloggs (på engelsk). 25. mars 2020. Henta 26. mars 2020. 
  119. «Eurovision Home Concerts on YouTube». eurovision.tv. 27. mars 2020. Henta 17. april 2020. 
  120. «Fans gather behind #EurovisionAgain». eurovision.tv. 4. april 2020. Henta 17. april 2020. 
  121. Welsh, Daniel (28. mars 2020). «#EurovisionAgain Could Be The Cure For Your Lockdown Boredom». Huffington Post. Henta 17. april 2020. 
  122. Rosney, Daniel (25. april 2020). «How Eurovision fans are still together every Saturday». BBC News (på engelsk). Henta 26. april 2020. 

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Eurovision Song Contest 2020