Eurovision Song Contest 2022

66. utgåve av EBUs årlege songtevling

Eurovision Song Contest 2022 (ESC 2022), offisielt 66. Eurovision Song Contest, var den 66. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart arrangert i Pala Alpitour i Torino i Italia, etter at Måneskin vann tevlinga i 2021 med songen «Zitti e buoni».[1] Dette var den tredje gongen Italia arrangerte tevlinga, etter at landet var vertskap for tevlinga i 1965 og 1991.

Eurovision Song Contest 2022
Offisiell tittel
66. Eurovision Song Contest
Dato
Semifinale 1 10. mai 2022
Semifinale 2 12. mai 2022
Finalen 14. mai 2022
Vertskap
Stad
Pala Alpitour i Torino i Italia[1]
Programleiar(ar)
Laura Pausini
Alessandro Catellan
Mika
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Antal bidrag
40[2]
Attende
Armenia
Montenegro
Ikkje med
Russland
Kart
Røysting
Vinnar
Ukraina med «Stefanija» av Kalush Orchestra
Eurovision Song Contest
Rotterdam 2021 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg 2023

Semifinalane vart arrangerte 10. og 12. mai, medan finalen vart arrangert 14. mai.[1] Programleiarane for tevlinga var Laura Pausini, Alessandro Catellan og Mika.[3]

40 land deltok i Eurovision Song Contest i 2022.[2] Russland skulle opphavleg ha delteke i Torino, men 25. februar 2022 vart landet utestengt frå tevlinga som følgje av den russiske invasjonen av Ukraina 24. februar 2022.[4][5]

Bakgrunn

Italia vann Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland med «Zitti e buoni» og gruppa Måneskin. Dette var tredje gongen Italia vann tevlinga, etter at Gigliola Cinquetti vant i 1964 med «Non ho l'età» og Toto Cutugno i 1990 med «Insieme: 1992». Som vinnar av 2021-tevlinga, vann Italia også retten til å arrangere Eurovision Song Contest i 2022. Dette var den tredje gongen landet arrangerte Eurovision Song Contest. Tevlinga vart arrangert av den italienske ålmennkringkastaren Rai i samarbeid med Den europeiske kringkastingsunionen.

Format

Produksjon

Eurovision Song Contest 2022 vart produsert av den italienske ålmennkringkastaren Radiotelevisione italiana (Rai), i samarbeid med EBU. Claudio Fasulo og Simona Martorelli var sjefsprodusentar, mens Cristian Biondani og Duccio Forzano var produsentar for dei tre direktesendingane.[6][7]

Slagord, logo og visuelt design

Slagordet for Eurovision Song Contest 2022, The Sound of Beauty (ljoden av venleik), vart offentleggjort 21. januar 2022. Det visuelle designet vart presentert under ein pressekonferanse 24. januar 2022.[8]

Den 22. november 2021 kunngjorde det Roma-baserte studioet Atelier at Rai hadde vald dei til å designe scena for tevlinga. Studioet hadde gjort liknande oppdrag tidlegare, blant anna Sanremo-festivalen i 2013 og 2019.[9] Dette var fyrste gongen sidan 2016 at scenedesignet i Eurovision vart utført av nokon andre enn den tyske designaren Florian Wieder.[10][11]

Programleiarar

I eit intervju med det italienske nyheitsbyrået ANSA i desember 2021 stadfesta Stefano Coletta, kanalsjef i Rai 1, at programleiarane for Eurovision Song Contest 2022 skulle offentleggjerast under Sanremo-festivalen 2022.[12] Under Sanremo-festivalens andre show 2. februar 2022 stadfesta Rai at dei internasjonalt kjende artistane Laura Pausini og Mika, samt tv-personlegdomen Alessandro Cattelan vert programleiarar for Eurovision Song Contest 2022.[3]

Andre hendingar

I tillegg til dei to semifinalane og finalen var det fleire andre tilstellingar i Torino under Eurovision-veka. Den faste Eurovision-landsbyen, Eurovision Village, var tevlingas offisielle festivalområde for besøkjande, fans og delegasjonar. Landsbyen låg på Parco del Valentino, og der vart det haldne ei rekkje konsertar og tevlingar i dagane før finalen.[13]

Deltakande land

Semifinale 1

Sytten land deltok i den fyrste semifinalen tysdag 10. mai 2022 klokka 21:00 CEST. Dei ti beste bidraga kvalifiserte seg til finalen. Dei førehandskvalifiserte landa Frankrike og Italia framførte og røysta i denne semifinalen.[14] Russland skulle opphavleg ha delteke som det attande landet i denne semifinalen, men 25. februar 2022 vart det utestengt frå tevlinga som følgje av den russiske invasjonen av Ukraina dagen før.[15][16] Under er deltakarane i den fyrste semifinalen i rekkefølgja dei skulle opptre.[17][18]

# Land[2] Artist Song Språk Omsetjing Plass Poeng
01   Albania Ronela Hajati «Sekret» Albansk og engelsk Hemmeleg 12 58
02   Latvia Citi Zēni «Eat Your Salad» Engelsk Et salaten din 14 55
03   Litauen Monika Liu «Sentimentai» Litauisk Kjensler 7 159
04   Sveits Marius Bear «Boys Do Cry» Engelsk Gutar græt 8 118
05   Slovenia LPS «Disko» Slovensk Disko 17 15
06   Ukraina Kalush Orchestra «Stefanija» Ukrainsk Stefania 1 337
07   Bulgaria Intelligent Music Project «Intention» Engelsk Intensjon 16 29
08   Nederland S10 «De diepte» Nederlandsk Djupet 2 221
09   Moldova Zdob și Zdub og Frații Advahov «Trenulețul» Rumensk og engelsk Tog 8 154
10   Portugal Maro «Saudade, saudade» Engelsk og portugisisk Lengsle, lengsle 4 208
11   Kroatia Mia Dimšić «Guilty Pleasure» Engelsk og kroatisk Skuldig nyting 11 75
12   Danmark REDDI «The Show» Engelsk Showet 13 55
13   Austerrike LUM!X med Pia Maria «Halo» Engelsk Glorie 15 42
14   Island Sigga, Beta og Elín «Með hækkandi sól» Islandsk Med stigande sol 10 103
15   Hellas Amanda Tenfjord «Die Together» Engelsk Døy saman 3 211
16   Noreg Subwoolfer «Give That Wolf a Banana» Engelsk Gje den ulven ein banan 6 177
17   Armenia Rosa Linn «Snap» Engelsk Klikke 5 187

Semifinale 2

Atten land deltok i den andre semifinalen torsdag 12. mai 2022 klokka 21:00 CEST. Dei ti beste bidraga kvalifiserte seg til finalen. Dei førehandskvalifiserte landa Spania, Storbritannia og Tyskland framførte og røysta i denne semifinalen.[14] Under er deltakarane i den andre semifinalen i rekkefølgja dei skulle opptre.[17][19]

# Land[2] Artist Song Språk Omsetjing Plass Poeng
01   Finland The Rasmus «Jezebel» Engelsk 7 162
02   Israel Michael Ben-David «I.M» Engelsk Eg er 13 61
03   Serbia Konstrakta «In corpore sano» Serbisk og latin I ein sunn kropp 3 237
04   Aserbajdsjan Nadir Rüstəmli «Fade to Black» Engelsk Vert svart 10 96
05   Georgia Circus Mircus «Lock Me In» Engelsk Lås meg inn 18 22
06   Malta Emma Muscat «I Am What I Am» Engelsk Eg er kven eg er 16 47
07   San Marino Achille Lauro «Stripper» Italiensk og engelsk Strippar 14 50
08   Australia Sheldon Riley «Not the Same» Engelsk Ikkje den same 2 243
09   Kypros Andromache «Ela» Engelsk og gresk 12 63
10   Irland Brooke Scullion «That’s Rich» Engelsk Det er rikt 15 47
11   Nord-Makedonia Andrea Koevska «Circles» Engelsk Sirklar 11 79
12   Estland Stefan «Hope» Engelsk Håp 5 209
13   Romania Wrs «Llámame» Engelsk og spansk Ring meg 9 118
14   Polen Krystian Ochman «River» Engelsk Elv 6 198
15   Montenegro Vladana «Breathe» Engelsk og italiensk Puste 17 33
16   Belgia Jérémie Makiese «Miss You» Engelsk Saknar deg 8 151
17   Sverige Cornelia Jakobs «Hold Me Closer» Engelsk Hald meg nærare 1 396
18   Tsjekkia We Are Domi «Lights Off» Engelsk Ljosa av 4 227

Finalen

Finalen vart arrangert laurdag 14. mai klokka 21.00 CEST, og 25 land deltok: dei fem store landa (inkludert vertslandet Italia), dei ti beste frå semifinale 1 og dei ti beste frå semifinale 2. Under er landa som var klare for finalen.[20] Vertslandet Italia trekte startnummer 9 under delegasjonsmøtet 15. mars 2022, mens den endelege rekkefølgja vart avgjort av produsentane og EBU så fort alle finalistane var klare 12. mai.[21]

#[22] Land[2] Artist Song Språk Omsetjing Plass Poeng
01   Tsjekkia We Are Domi «Lights Off» Engelsk Ljosa av 22 38
02   Romania Wrs «Llámame» Engelsk og spansk Ring meg 18 651
03   Portugal Maro «Saudade, saudade» Engelsk og portugisisk Lengsle, lengsle 9 207
04   Finland The Rasmus «Jezebel» Engelsk 21 38
05   Sveits Marius Bear «Boys Do Cry» Engelsk Gutar græt 17 78
06   Frankrike Alvan og Ahez «Fulenn» Bretonsk Gneist eller ung jente 24 17
07   Noreg Subwoolfer «Give That Wolf a Banana» Engelsk Gje den ulven ein banan 10 182
08   Armenia Rosa Linn «Snap» Engelsk Klikke 20 61
09   Italia Mahmood og Blanco «Brividi» Italiensk Frysningar 6 268
10   Spania Chanel «SloMo» Spansk og engelsk Slow-motion 3 459
11   Nederland S10 «De diepte» Nederlandsk Djupet 11 171
12   Ukraina Kalush Orchestra «Stefanija» Ukrainsk Stefania 1 631
13   Tyskland Malik Harris «Rockstars» Engelsk Rockestjerner 25 6
14   Litauen Monika Liu «Sentimentai» Litauisk Kjensler 14 128
15   Aserbajdsjan Nadir Rüstəmli «Fade to Black» Engelsk Vert svart 16 106
16   Belgia Jérémie Makiese «Miss You» Engelsk Saknar deg 19 64
17   Hellas Amanda Tenfjord «Die Together» Engelsk Døy saman 8 215
18   Island Sigga, Beta og Elín «Með hækkandi sól» Islandsk Med stigande sol 23 20
19   Moldova Zdob și Zdub og Frații Advahov «Trenulețul» Rumensk og engelsk Tog 7 253
20   Sverige Cornelia Jakobs «Hold Me Closer» Engelsk Hald meg nærare 4 438
21   Australia Sheldon Riley «Not the Same» Engelsk Ikkje den same 15 125
22   Storbritannia Sam Ryder «Space Man» Engelsk Rommann 2 466
23   Polen Krystian Ochman «River» Engelsk Elv 12 151
24   Serbia Konstrakta «In corpore sano» Serbisk og latin I ein sunn kropp 5 312
25   Estland Stefan «Hope» Engelsk Håp 13 141

Sjå òg

Referansar

  1. 1,0 1,1 1,2 «Turin, Italy, to host the 66th Eurovision Song Contest in May 2022 🇮🇹». Eurovision.tv (engelsk). 8. oktober 2021. Henta 8. oktober 2021. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «REVEALED: the 41 countries joining Eurovision in Turin 2022 🇮🇹». Eurovision.tv (engelsk). 20. oktober 2021. Henta 20. oktober 2021. 
  3. 3,0 3,1 «Eurovision 2022 Hosts: Laura Pausini, Alessandro Catellan and Mika 🇮🇹». Eurovision.tv (engelsk). 2. februar 2022. Henta 2. februar 2022. 
  4. NTB (24. februar 2022). «Internasjonal fordømmelse av Russlands angrep mot Ukraina». www.abcnyheter.no (norsk). Henta 25. februar 2022. 
  5. «Russland utestenges fra Eurovision Song Contest». VG.no (engelsk). 25. februar 2022. Henta 25. februar 2022. 
  6. Washak, James (27. desember 2021). «🇮🇹 Eurovision 2022: Directors for the Contest Revealed». Eurovoix (engelsk). Henta 22. januar 2022. 
  7. Dammacco, Beppe (27. desember 2021). «Eurovision 2022: in regia ci sarà Duccio Forzano (e non poteva andarci meglio di così!)» (italiensk). Henta 22. januar 2022. 
  8. «Eurovision Song Contest 2022 theme revealed: The Sound of Beauty 🇮🇹». Eurovision.tv. European Broadcasting Union. 21. januar 2022. Henta 21. januar 2022. 
  9. Granger, Anthony (27. november 2021). «Eurovision 2022: Atelier Francesca Montinaro Selected to Design Stage For Eurovision». Eurovoix (på engelsk). Henta 27. november 2021. 
  10. Davidović, Nikola (27. november 2021). «Eurovision 2022: la scenografia del palco sarà realizzata da Atelier Francesca Montinaro». EIN (på italiensk). Henta 27. november 2021. 
  11. Zefteridis, Giorgos (27. november 2021). «Eurovision 2022: Studio "Atelier Francesca Montinaro" stage designers for Eurovision 2022!». Eurovision Fun (på engelsk). Henta 27. november 2021. 
  12. Granger, Anthony (3. desember 2021). «Eurovision 2022: Hosts to be Revealed After Sanremo». Eurovoix (på engelsk). Henta 3. desember 2021. 
  13. Rossini, Federico (25. februar 2022). «Eurovision 2022: Eurovillage al Parco del Valentino» (italiensk). Henta 26. februar 2022. «Eurofestival News» 
  14. 14,0 14,1 «Eurovision 2022: Which Semi-Final is your country performing in? 🇮🇹». Eurovision.tv (engelsk). 25. januar 2022. Henta 25. januar 2022. 
  15. NTB (24. februar 2022). «Internasjonal fordømmelse av Russlands angrep mot Ukraina». www.abcnyheter.no (norsk). Henta 25. februar 2022. 
  16. «Russland utestenges fra Eurovision Song Contest». VG.no (engelsk). 25. februar 2022. Henta 25. februar 2022. 
  17. 17,0 17,1 «Eurovision Song Contest 2022 Semi-Final running orders revealed!». Eurovision.tv (engelsk). 29. mars 2022. Henta 29. mars 2022. 
  18. «First Semi-Final of Turin 2022». Eurovision.tv (engelsk). Henta 29. mars 2022. 
  19. «Second Semi-Final of Turin 2022». Eurovision.tv (engelsk). Henta 13. mars 2022. 
  20. «Grand Final of Turin 2022». Eurovision.tv (engelsk). Henta 13. mars 2022. 
  21. «Italy will perform 9th in the Grand Final running order 🇮🇹». Eurovision.tv (engelsk). 15. mars 2022. Henta 15. mars 2022. 
  22. «Eurovision 2022: The Grand Final running order». Eurovision.tv (engelsk). 13. mai 2022. Henta 13. mai 2022. 

Bakgrunnsstoff

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Eurovision Song Contest 2022