Eva Hove
norsk politikar
Eva Hove (fødd 8. november 1954) er ein norsk lokalpolitikar som representerer Arbeiderpartiet. Ho er vald til ordførar i Fjord kommune for perioden 2019–2023. Før kommunesamanslåing med Norddal var ho ordførar i Stordal kommune, i perioden 2015–2019. Ho har lang kommunalpolitisk erfaring og var mellom anna varaordførar i Stordal i perioden 2011–2015.
Hove har vore rektor ved Stranda ungdomsskole.
Kjelder
endre- Hove historisk som den første ordføraren i Fjord kommune, Storfjordnytt 27 mars, 2020; vitja 24. juni 2021
- Denne artikkelen bygger på «Eva Hove» frå Wikipedia på bokmål, den 24. juni 2021.