Evaporitt er ein avsetningsbergart danna ved inndamping av sjøvatn eller avløpsløyse innsjøar (Daudehavet, Kara Bogas-bukta i Kaspihavet). Dei viktigaste evaporittane er steinsalt (halitt), kalisalt, gips og anhydritt.

Stein med skorpe av halitt som er inndampa frå Daudehavet i Israel.

Dei første minerala som byrjar å bli felt ved fordamping av sjøvatn er karbonat som kalsitt. Ved vidare fordamping får ein avsetning av gips og til slutt avsetning av salt og sulfat som halitt, anhydritt, sylvitt osb. Det er påvist over 70 ulike mineral i evaporittiske avsetningar, men berre nokre få reknast som bergartsdannande.

Dei fleste evaporittane er danna i avsnørte havområde i tider med tørt og varmt klima, vanleg i einskilde avleiringar frå permtida. Dei kan òg dannast i djuphavet, spesielt i samband med platetektonikk. Den spesielle eigenskapen til evaporittane (tette, plastiske og lette) gjer at dei kan danne diapirar (saltdomar). Dette har stor tyding for danninga av gass- og oljefelt, ikkje minst i Nordsjøen.

Kjelder endre