Arthur Evelyn St. John Waugh, kjend som Evelyn Waugh, (28. oktober 190310. april 1966) var ein britisk forfattar av romanar, biografiar og reisebøker. Han var òg ein profilert journalist og kritikar. Verka hans omfattar dei tidlege satirane Decline and Fall (1928) og A Handful of Dust (1934), romanen hans Gjensyn med Brideshead (1945) og romantrilogien hans frå den andre verdskrigen som samla blir kalla Sword of Honour (1952–61). Waugh er anerkjend som ein av dei store prosastilistane på 1900-talet. Han skildra særleg engelske overklassemiljø. Desse miljøa blir skildra med distanse og satire, sjølv om Waugh i løpet av livet blei stadig meir tradisjonskjær, som ein forsvarar av det engelske aristokratiet.

Evelyn Waugh

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 28. oktober 1903
West Hampstead
Død

10. april 1966 (62 år)
Combe Florey

Yrke krigskorrespondent, romanforfattar, skribent, sjølvbiograf, manusforfattar, science fiction-forfattar, dagbokskrivar, prosaforfatter
Sjanger roman, novelle, satire, reiseskildring, biografi, sjølvbiografi
Religion katolisisme
Far Arthur Waugh
Mor Catherine Charlotte Raban
Ektefelle Laura Herbert, Evelyn Gardner
Born Auberon Waugh, Maria Teresa Waugh, Mary Waugh, Margaret Evelyn Waugh, Harriet Mary Waugh, James Waugh, Septimus Waugh
Evelyn Waugh på Commons

Liv og virke endre

Waugh kom frå den øvre mellomklassen med ei rekke kjende statsmenn, vitskapsmenn og geistlege i slektstreet sitt. Far hans var velutdanna, og arbeidde i forleggjarbransjen og som litteraturkritikar. Då Evelyn var fire år gammal flytta familien til hus som då låg landleg til i Hampstead utanfor London, Underhill, der han voks opp. Han var eit fantastifullt barn med stor sjølvtillit, og skreiv forteljingar og skodespel som vennegjengen sette opp. I 1917 fortsette skulegangen hans ved på Lancing College, og i løpet av dette året fekk han den første artikkelen sin på trykk i eit kunstmagasin. Han gjorde det generelt godt ved Lancing, med gode karakterar, fleire trykte artiklar og ei rekke verv. Då han fekk eit stipend til Hertford College ved University of Oxford forlét han Lancing i 1921. Også i Oxford gjekk det bra for Evelyn, sjølv om han i starten arbeidde utan større entusiasme.

I løpet av 1922 oppstod ein ny avantgardistisk klikk ved skulen, og denne hadde kunstnariske, sosiale og homofile verdiar som tiltrekte Waugh. Etter dette byrja eit meir bohemprega liv, der Waugh drakk mykje og innleidde ei rekke homoseksuelle forhold. Han dreiv framleis med kalligrafi, og skreiv tekstar og kunstkritikk, men slutta hovudsakleg med vanlege studiar. Han gjekk ut av Hertford College i 1924, etter ein dårleg eksamen som gjorde at han mista stipendet. Etter dette drog han til London, der han ei stund studerte ved ein kunstskule. Han slutta fort på skulen, og festa vekselvis i London og Oxford, før han gjekk tom for pengar og skaffa seg jobb som lærar på ein gutteskule i Wales. Han drog frå Wales i 1925, fortsette å undervisa i London i to år, med varierande hell, fram til han fekk kontrakt på å skriva ein biografi om Dante Gabriel Rossetti, som han fullførte i 1927.

Som ung mann skaffa han seg mange fasjonable og aristokratiske venner, og utvikla ein smak for landadelen som aldri forlét han. På 1930-talet reiste han omfattande omkring, ofte som spesialutsend aviskorrespondent. Han rapporterte frå Abyssinia (dagens Etiopia) på tida då det fascistiske Italia invaderte. Han tenestegjorde i den britiske hæren under andre verdskrigen, fyrst i Royal Marines og deretter i Royal Horse Guards. Alle desse erfaringane, og det store talet folk han møtte, nytta han seg meir eller mindre i dei skjønnlitterære bøkene sine, hovudsakleg på humoristisk vis. Sjølv hans eige mentale samanbrot tidleg på 1950-talet, frambrakt av misbruk av narkotika, vart materiale for forfattarskapen hans.

I 1928 blei den fyrste romanen hans, Decline and fall, antatt, noko som gav han råd til å gifta seg med Evelyn Gardner. Gardner skaffa seg ein annan elskar i løpet av kort tid, og Waugh søkte om skilsmisse i 1929. I 1930 konverterte han til katolisismen, noko som sjokkerte og overraska familien og vennene hans. Som katolikk kunne han ikkje gifta seg igjen så lenge den tidlegare kona hans var i live, og han sette derfor i gang ein prosess for å få ekteskapet annullert. Paven godkjende annulleringa fyrst i 1936. I 1937 gifta han seg med Laura Herbert. Dei fekk sju barn saman.

Det tradisjonelle standpunktet hans førte til at han motsette seg alle forsøk på at kyrkja skulle reformerast. Endringa som kom i kjølvatnet av det andre vatikankonsilet i 1962–65, særleg innføringa av messer på morsmål, var til stor forstyrring for han. Dette nederlaget, saman med ein veksande motvilje og ubehag for velferdskulturen i etterkrigstida, i lag med ein nedgang i helsa hans formørkt dei siste åra han levde. Waugh heldt likevel fram med å skriva. I høved til offentlegheita viste han generelt ei maske av likesæle, men for dei han rekna som vennane sine viste han stor takksemd, og mange av dei blei han verande knytte til livet ut. Etter at han døydde i 1966 fekk han ein ny generasjon med lesarar, grunna filmatiseringar av verkane hans, særleg fjernsynsserien Brideshead Revisited (Gjensyn med Brideshead) i 1981.

Romanar endre

År Tittel Utgjeving Merknad Referansar
1924–25 The Temple at Thatch Aldri gjeven ut Manuskriptet øydelagt [1]
1928 Decline and Fall Chapman and Hall, London, 1928 Revidert utgåve med nytt forord av Waugh, Chapman and Hall, London, 1962 [2]
1930 Vile Bodies Chapman and Hall, London, 1930 Rev. utgåve med nytt forord av Waugh, Chapman and Hall, London, 1965 [2]
1932 Black Mischief Chapman and Hall, London, 1932 Rev. utgåve med nytt forord av Waugh, Chapman and Hall, London, 1962 [2]
1934 A Handful of Dust Chapman and Hall, London, 1934 Rev. utgåve med nytt forord av Waugh, Chapman and Hall, London, 1964 [3]
1938 Scoop Chapman and Hall, London, 1938 Rev. utgåve med nytt forord av Waugh, Chapman and Hall, London, 1964 [3]
1939 My Father's House (fyrste del av Work Suspended) Horizon, Vol. IV, No. 23, November 1941 Retitled "A Death" when republished as part of Work Suspended [3]
1939 Work Suspended Limited edition, 500 copies, Chapman and Hall, London 1942 Rev. utg. Work Suspended and Other Stories, Chapman and Hall, London, 1949 [3]
1942 Put Out More Flags Chapman and Hall, London 1942 Rev. utgåve med nytt forord av Waugh, Chapman and Hall, London, 1967 [3]
1945 Brideshead Revisited: The Sacred and Profane Memories of Captain Charles Ryder Chapman and Hall, London, 1945 Rev. utgåve med nytt forord av Waugh, Chapman and Hall, London, 1960 [3]
1948 The Loved One Chapman and Hall, London, 1948 Rev. utgåve med nytt forord av Waugh, Chapman and Hall, London, 1965 [4]
1950 Helena Chapman and Hall, London, 1950 [4]
1952 Men at Arms Chapman and Hall, London, 1952 Sjå også Sword of Honour [4]
1953 Love Among the Ruins Chapman and Hall, London, 1953 [4]
1955 Officers and Gentlemen Chapman and Hall, London, 1955 Sjå også Sword of Honour [4]
1957 The Ordeal of Gilbert Pinfold Chapman and Hall, London, 1957 [4]
1961 Unconditional Surrender Chapman and Hall, London, 1961 Sjå også Sword of Honour [4]
1965 Sword of Honour-trilogien Chapman and Hall, London, 1965 Eittbandsutgåve av Men at Arms, Officers and Gentlemen og Unconditional Surrender med teksttillegg [4]

Kjelder endre

  1. Stannard, Vol. I, p. 112
  2. 2,0 2,1 2,2 Stannard, Vol. II p. 496
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 Stannard, Vol. II p. 497
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 4,7 Stannard, Vol. II, p. 498

Litteratur endre

  • Byrne, Paula (2010): Mad World: Evelyn Waugh and the secrets of Brideshead. London: Harper Press. ISBN 978-0-00-724377-8.
  • Carpenter, Humphrey (1989): The Brideshead Generation: Evelyn Waugh and his Friends. London: Weidenfeld and Nicolson. ISBN 0-297-79320-9.
  • Davie, Michael, red. (1976): The Diaries of Evelyn Waugh. London: Weidenfeld and Nicolson. ISBN 0-297-77126-4.
  • Deedes, William (2003): At War with Waugh. London: Macmillan. ISBN 1-4050-0573-4.
  • Donaldson, Frances (1967): Evelyn Waugh: Portrait of a Country Neighbour. London: Weidenfeld and Nicolson. ISBN 0-297-78776-4.
  • Ker, Ian Turnbull (2003): The Catholic Revival in English Literature (1845-1961). Newman, Hopkins, Belloc, Chesterton, Greene, Waugh. Notre Dame (Indiana): University of Notre Dame Press, s. 149–202. (Også: Leominster [Herefordshire, UK]: Gracewing, 2004).

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Evelyn Waugh