Even Cowgirls Get the Blues

Even Cowgirls Get the Blues
Singel av La Costa
frå albumet LaCosta
Utgjeve Januar 1978
Innspelt 28. juli 1977
Studio United Western Studio i Hollywood
Sjanger Country[1]
Lengd 3:17
Selskap Capitol Nashville
Låtskrivar(ar) Rodney Crowell
Produsent Doug Gilmore
La Costa-kronologi
«Jessie and the Light»
(1977)
Even Cowgirls Get the Blues «#1 with a Heartache»
(1978)


«Even Cowgirls Get the Blues» er ein song skriven av Rodney Crowell. Songen er blitt spelt inn av ei rekkje artistar, som La Costa, Emmylou Harris og Lynn Anderson. Crowell hevdar å ha skrive «Even Cowgirls Get The Blues» om Harris og venen hennar Susanna Clark. Songtittelen er teken frå ein roman som var populær på den tida med same namn av Tom Robbins.[2] Songen har blitt gjeven ut på singel to gonger.

LaCosta-versjonenEndra

«Even Cowgirls Get the Blues» vart opphavleg gjeven ut på singel av den amerikanske countryartisten La Costa i 1978. Han vart spelt inn 28. juli 1977 i United Western Studio i Hollywood. Innspelinga vart produsert av Doug Gilmore, som produserte albumet hennar frå 1977 med same namn.[3]

Versjonen til LaCosta kom ut på singel i januar 1978 på Capitol Records og vart ein mindre hit det året då han nådde 79. plassen på Billboard Hot Country Singles-lista. Det var den andre av tre singlar frå det fjerde albumet hennar .[4]

SalslisterEndra

Liste (1978) Plassering
US Hot Country Singles (Billboard)[4] 79

Andre versjonarEndra

Den amerikanske skodespelaren og songaren Mary Kay Place spelte inn ein versjon i 1977 for albumet Aimin' to Please. I 1979 vart songen gjeven ut av Emmylou HarrisBlue Kentucky Girl med vokalharmoniar av Dolly Parton og Linda Ronstadt. Songen var opphavleg spelt inn for eit album dei tre skulle gje ut i lag, men som ikkje vart noko av før i 1987.[5] Ein alternativ versjon av songen kom seinare ut på albumet The Complete Trio Collection (2016).

I 1980 spelte Lynn Anderson inn ein versjon av songen. Denne vart ein mindre hit i Nord-Amerika det året og nådde 26. plassen på countrylista i september.[6]

I 1986 vart songen spelt inn av Johnny Cash og Waylon Jennings for albumet Heroes.[7] I 1993 vart han gjeven ut på samlealbumet til Rodney Crowell, Greatest Hits.

Lynn Anderson-versjonenEndra

Liste (1980) Plassering
Canada Country Songs (RPM) 23
US Country Songs (Billboard)[8] 26

KjelderEndra

  1. «LaCosta -- LaCosta: Songs, Reviews, Credits». Allmusic. Henta 14. november 2020. 
  2. Puterbaugh, Parke (2004). Blue Kentucky Girl (booklet). Warner Bros. Records. s. 2—15. 8122-78112-2. 
  3. Tucker, La Costa (1977). «LaCosta (Album Info and Liner Notes)». Columbia Records. 
  4. 4,0 4,1 Whitburn, Joel (2008). Hot Country Songs 1944 to 2008. Record Research, Inc. ISBN 978-0-89820-177-2. 
  5. Ankeny, Jason. «Blue Kentucky Girl: Emmylou Harris: Songs, Reviews, Credits». Allmusic. Henta 14. november 2020. 
  6. ««Even Cowgirls Get the Blues» chart history». Billboard. Henta 14. november 2020. 
  7. Eder, Bruce. [Heroes (Johnny Cash and Waylon Jennings album) «Heroes: Johnny Cash and Waylon Jennings: Songs, Reviews, Credits»] Check |url= value (hjelp). Allmusic. Henta 14. november 2020. 
  8. "Anderson?f=357&g=Singles Lynn Anderson Album & Song Chart History" Billboard Country Songs for Lynn Anderson. Prometheus Global Media. Henta 14. november 2020.