Opna hovudmenyen
Every Good Boy Deserves Favour
Studioalbum av The Moody Blues
Utgjeve 23. juli 1971
Innspelt November 1970 – mars 1971
Studio Wessex Sound Studios i London
Sjanger Progressiv rock
Lengd 40:05
Selskap Threshold
Produsent Tony Clarke
The Moody Blues-kronologi
A Question of Balance
(1970)
Every Good Boy Deserves Favour Seventh Sojourn
(1972)


Singlar frå Every Good Boy Deserves Favour
  1. «The Story in Your Eyes»
    Utgjeve: August 1971

Every Good Boy Deserves Favour er det sjuande albumet til The Moody Blues, utgjeve i 1971. Albumet var det siste dei spelte inn med Mellotron, og vart sidan erstatta av ein Chamberlin på det neste albumet deira, Seventh Sojourn i 1972.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[1]
Rolling Stone(middels)[2]
Uncut2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[3]

BakgrunnEndra

Dette albumet inneheld den einaste songen som vart skriven av alle fem medlemmane i bandet. Opningsstykket «Procession» var eit stykke meint å skildre musikkhistorien frå starten av historia vår fram til tida då albumet vart innspelt. Dei einaste tre orda ein kan høyre på dette sporet – «desolation», «creation» og «communication» – vart brukt på liknande vis på «One More Time to Live.» Songen «Emily's Song» vart skriven av John Lodge for den nyfødde dottera hans. Mike Pinder skreiv og songen den avsluttande songen på albumet, «My Song».

Albumet nådde toppen av albumlista i Storbritannia og låg tre veker på andreplassen i USA. Singelen «The Story in Your Eyes», nådde Topp 40-lista i USA.

Tittelen er henta frå ein hugsregel for notenelinjene i G-nøkkelen: E-G-B-D-F. Desse notane vert spelt på piano under «Procession».

I april 2007 vart albumet gjeve ut på SACD med to bonusspor. I 2008 kom albumet ut i vanleg CD-format med dei same bonusspora.

InnhaldEndra

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar)Solovokal Lengd
1. «Procession»  Graeme Edge, Justin Hayward, John Lodge, Mike Pinder, Ray ThomasEdge, Hayward, Lodge, Pinder, Thomas (sung and spoken) 4:40
2. «The Story in Your Eyes»  HaywardHayward 2:57
3. «Our Guessing Game»  ThomasThomas 3:34
4. «Emily's Song»  LodgeLodge 3:41
5. «After You Came»  EdgeThomas, Pinder, Lodge, Hayward 4:37
Side to
# TittelLåtskrivar(ar)Solovokal Lengd
6. «One More Time to Live»  LodgeLodge 5:41
7. «Nice to Be Here»  ThomasThomas 4:24
8. «You Can Never Go Home»  HaywardHayward 4:14
9. «My Song»  PinderPinder 6:20
Bonusspor på 2007- og 2008-utgåvene
# TittelLåtskrivar(ar)Solovokal Lengd
10. «The Story in Your Eyes» (originalversjon)Hayward  3:33
11. «The Dreamer»  Hayward, Thomas  3:42

MedverkandeEndra

TekniskEndra

  • Tony Clarke - produsent
  • Derek Varnals – lydteknikar
  • David Baker – assisterande lydteknikar
  • Harry Fisher – miksing
  • Phil Travers – plateomslag
  • J. Randall Nelson - fotografi

SalslisterEndra

VekeslisterEndra

År Liste Plassering
1971 UK Albums Chart 1[4]
Billboard 200 2[5]
Den danske albumlista[6] 1

SinglarEndra

År Singel Liste Plassering
1971 «The Story in Your Eyes» Billboard Hot 100 23[7]

KjelderEndra

  1. Eder, Bruce. «allmusic ((( Every Good Boy Deserves Favour > Overview )))». Allmusic. Henta 5. september 2019. 
  2. Werbin, Stu (16. september 1971). «The Moody Blues: Every Good Boy Deserves Favour : Music Reviews». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 6. juni 2008. Henta 6. september 2019. 
  3. David Stubbs Uncut, 2007. mai Issue 120
  4. «Chart Stats – The Moody Blues – Every Good Boy Deserves Favour». www.chartstats.com. Henta 5. september 2019. 
  5. «The Moody Blues - Chart history | Billboard». www.billboard.com (på engelsk). Henta 6. september 2019. 
  6. http://danskehitlister.dk/?song_id=6403
  7. «The Moody Blues - Chart history | Billboard». www.billboard.com (på engelsk). Henta 6. september 2019.