Evnukk eller eunukk (gresk for 'sengevaktar') kan vera ein mann som har testiklar som sidan barndomen ikkje produsererer hormon, eller ein kastrert mann eller gut.[1] Nemninga blir ofte brukt om kastrerte vakter ved eit harem. Kastrerte menn med spesielle oppgåver er særleg kjende frå oldtida, frå Kina, Det osmanske riket og India.

Den kinesiske keiserinna Cixi (1835-1908) på troneforma berestol omgjeven av palassevnukkar.

Fysiologi endre

Det finst ulike årsaker til at eit mannleg individ har mangla hormonfunksjonen til testiklane frå barndomen. Det kan koma av medfødde misdanningar, betennelsar eller operativ kastrasjon.[1] Evnukkar utviklar ikkje dei sekundære kjønnskarakterane: hårvekst kring kjønnsorgana og i armhola, djup stemme eller skjeggvekst. Lengdveksten deira blir avslutta seint, så dei lange røyrknoklane deira blir uvanleg lange. Ved testishormonpreparat kan symptoma gå attende, men berre så lenge handsaminga blir gjeven.

Kastrerte menn og haremsvakter endre

 
Justinian den store, bysantinsk (austromersk) keisar, og biskopen Maximianus av Ravenna framstilt i San Vitale i Ravenna i Italia. Mannen mellom keisaren og biskopen skal vera Narses (ca. 490-574), ein hoffevnukk som blei finansforvaltar og general.
 
Kizlar Agha («svart sjefsevnukk») til sultanen Abd-ul-Hamid II fotografert ved sultanpalasset 1912. Posisjonen innebar blant anna òg finanskontroll over Mekka og Medina og var fram til 1908 den tredje mektigaste i Det osmanske riket etter sultanen og storvesiren. Den «kvite sjefsevnukken» blei kalla Kapi Agha.[2]

Evnukk er òg nemninga for eit kastrert mannleg individ.[1]

Allereie i oldtida var det kastrerte menn i fleire kulturar. I Romarriket fanst det til dømes galli (eintal gallus), slavar og utlendingar som tente som evnukk-prestar i dyrkinga av gudinna Kybele. Skikken stamma frå det gamle Hellas der dei mest ekstatiske dyrkarane av Kybele kastrerte seg rituelt og blei gjevne kvinneklede og kvinneleg identitet etterpå.

Som haremsvaktarar er evnukkar blant anna kjende frå det tyrkiske kulturområdet. Haremet til sultanen der vart vakta av kastrerte menn. «Den svarte sjefsevnukken», Kizlar Agha, passa på haremet i palasset, men hadde òg finanskontroll over Mekka og Medina og var fram til 1908 den tredje mektigaste i Det osmanske rikt etter sultanen og storvesiren. Den «kvite sjefsevnukken», Kapi Agha, hadde ansvaret for den omfattande utdanninga.[3]

Ifølgje gamle kinesiske lovar var det ei vanleg straff å blir gjort til evnukk, og harema i dei keisarlege og adelege palassa i Kina blei vakta av evnukkar heilt til Xinhairevolusjonen i 1911.[1][4] I Kina kunne hoffevnukkane ofte utføra forvaltingsoppgåver, og til tider fekk dei så stor makt at dei langt på veg var dei som i røynda tok avgjerslene i riket.

I islam er kastrering ulovleg, og overgrepet skal difor ha blitt utført utanfor byane. Medan ein i Midtausten «berre» fjerna testiklane, kastrerte kinesarane både penis og testiklar.[4]

Også i India har evnukkar vakta harema til maharajaene.[5] Nemninga hijra kan på hindi brukast både om evnukkar, transseksuelle, transvestittar og gutar som er fødde med skadar på kjønnsorganet eller er blitt mishandla seksuelt.

Galleri endre

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Oppslagsordet «evnukk» i Store norske leksikon
  2. [1]
  3. [2]
  4. 4,0 4,1 Aftenposten 2009 om Kinas siste evnukk
  5. NRK om indiske evnukker