Exciter av Judas Priest

Exciter
Song av Judas Priest
frå albumet Stained Class
Utgjeve 10. februar 1978
Innspelt Oktober-november 1977, Chipping Norton Recording Studios i Oxfordshire
Sjanger Heavy metal, speed metal
Lengd 5:34
Selskap CBS, Inc. (UK)
Columbia Records (US)
Komponist Rob Halford, Glenn Tipton
Låtskrivar(ar) Rob Halford

Glenn Tipton

Produsent Dennis MacKay, Judas Priest

«Exciter» er ein song av det britiske heavy metal-bandet Judas Priest frå 1978 på albumet Stained Class. Det er opningssporet og eit tidleg døme på speed metal.

Rettssak i 1990 endre

Under det sivile søksmålet mot bandet i 1990, der dei vart skulda for å plassere skjulte meldingar i songane sine som fekk ungdom til å ta livet av seg, vart «Exciter» spelt av baklengs i retten. Vokalisten Rob Halford synte med dette at når songen blir spelt baklengs verkar det som det vert sagt «I asked for a peppermint, I asked for her to get one.»[1] Dette synte for retten at alle songar som vert spelt baklengs kan innehalde setningar som vert forma av hjernen. Det same gjaldt «Better By You, Better Than Me», som hadde ein lyd som kunne tolkast som «do it».

Kjelder endre

  1. Townshend, Tom (6. oktober 2009). «Judas Priest Cause Suicide - Debunking music’s biggest myths». Entertainment.ca.msn.com. Arkivert frå originalen 22. februar 2014. Henta 11. september 2016.