Eyak
Klassifisering: Na-dené
 Eyak-athabaskisk
  Eyak
Bruk
Var tala i: USA
Språkkodar
ISO 639-3: eya

Eyak er eit utdøydd språk i na-denéfamilien som tradisjonelt blei tala av eyakfolk frå sørleg sentrale Alaska nær munningen av Copper-elva. Mange athabaskiske språk er dei som er nærast i slekt med eyak. Elles har tlingit, eit anna na-denéspråk, teke vare på mange eyaknamn for stader ved kysten av Alaskabukta, ofte saman med ordsoger.

Utbreiinga til eyak før europeisk kontakt.

Språket hadde berre nokre hundre talarar då europearar kom til Nord-Amerika, og blei det første av språka til urfolka i Alaska til å døy ut. Den siste morsmålstalaren av eyak var Marie Smith Jones, som var fødd i 1918 og døydde i 2008. Språket er likevel blitt dokumentert av lingvistar, og lært som andrespråk av nokre få entusiastar.

BakgrunnsstoffEndra

Litteratur

  • Hund, Andrew. “Eyak.” 2004. Encyclopedia of the Arctic. Taylor and Francis Publications. ISBN 1-57958-436-5
  • Krauss, Michael E., ed. 1982. In Honor of Eyak: The Art of Anna Nelson Harry. Fairbanks: Alaska Native Language Center. ISBN 0-933769-03-2
  • Krauss, Michael E. 2004. Athabaskan tone. Pp. 51–136 in Sharon Hargus & Keren Rice (eds) Athabaskan Prosody. (Current Issues in Linguistic Theory 269). Amsterdam: John Benjamins. ISBN 90-272-4783-8. Basert på eit upublisert manuskript frå 1979.
  • Krauss, Michael E., og Jeff Leer. Athabaskan, Eyak, and Tlingit Sonorants. Alaska Native Language Center Research Papers No. 5. Alaska Native Language Center, University of Alaska, P.O. Box 757680, Fairbanks, AK 99775-7680, 1981. ISBN 0-933769-35-0
  • The Economist, «Marie Smith» (2008). Nekrolog over den siste talaren av eyak.

KjelderEndra

  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.