Eystein Fjærli

norsk offiser

Eystein Olavsson Fjærli (12. august 19171985) var ein norsk yrkesoffiser (oberstløytnant), forsvarsstrateg, forfattar og politikar frå Molde.

Eystein Fjærli
Fødd12. august 1917
FødestadBolsøy kommune
Død28. januar 1985
Rangoberstløytnant
EiningHæren

krigen kom til Noreg i april 1940, studerte han filologi. Som vernepliktig sersjant deltok han i kampane på Austlandet. Hausten 1940 reiste han i etterretningsoppdrag til Storbritannia, der han slutta seg til den norske brigaden i Skottland. Hausten 1943 vart Fjærli liaisonoffiser i den britiske 52. Mountain Division, som vart sett inn i kampane i Nederland. 9. mai 1945 kom Fjærli til Noreg som sjefsliaisonoffiser for dei allierte styrkane på Sørlandet.

Etter krigen vart Fjærli yrkesoffiser, og tjenestegjorde mellom anna i Tysklandsbrigaden. Han vil av mange verta hugsa som ein kampglad debattant i aktuelle militærpolitiske spørsmål. Fjærli var interessert i krigshistoriske emne. Han skreiv fast i avisa Morgenbladet, i tillegg til vekebladet Vi Menn m.m.

Utgjevingar endre

  • Ikke-militært forsvar og norsk sikkerhetspolitikk - debattskrift (1967), saman med Johan Jørgen Holst og Harald Rønning
  • NATO : strategi for frihet - debattskrift (1968)
  • Tar vi forsvaret alvorlig? - debattskrift (1969)
  • Krigens Svalbard - krigshistorie (1979)
  • Den norske hær i Storbritannia 1940-1945 - krigshistorie (1982)