Eystein Fjærli
Eystein Olavsson Fjærli (12. august 1917–1985) var ein norsk yrkesoffiser (oberstløytnant), forsvarsstrateg, forfattar og politikar frå Molde.
Eystein Fjærli | |||
Fødd | 12. august 1917 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bolsøy kommune | ||
Død | 28. januar 1985 | ||
Rang | oberstløytnant | ||
Eining | Hæren |
Då krigen kom til Noreg i april 1940, studerte han filologi. Som vernepliktig sersjant deltok han i kampane på Austlandet. Hausten 1940 reiste han i etterretningsoppdrag til Storbritannia, der han slutta seg til den norske brigaden i Skottland. Hausten 1943 vart Fjærli liaisonoffiser i den britiske 52. Mountain Division, som vart sett inn i kampane i Nederland. 9. mai 1945 kom Fjærli til Noreg som sjefsliaisonoffiser for dei allierte styrkane på Sørlandet.
Etter krigen vart Fjærli yrkesoffiser, og tjenestegjorde mellom anna i Tysklandsbrigaden. Han vil av mange verta hugsa som ein kampglad debattant i aktuelle militærpolitiske spørsmål. Fjærli var interessert i krigshistoriske emne. Han skreiv fast i avisa Morgenbladet, i tillegg til vekebladet Vi Menn m.m.
Utgjevingar
endre- Ikke-militært forsvar og norsk sikkerhetspolitikk - debattskrift (1967), saman med Johan Jørgen Holst og Harald Rønning
- NATO : strategi for frihet - debattskrift (1968)
- Tar vi forsvaret alvorlig? - debattskrift (1969)
- Krigens Svalbard - krigshistorie (1979)
- Den norske hær i Storbritannia 1940-1945 - krigshistorie (1982)