Fåvang
Fåvang er eit sokn og ein tettstad i Ringebu kommune, sør i Gudbrandsdalen i Innlandet fylke.
Fåvang | |||
stad | |||
Fåvang stasjon
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Ringebu | ||
Areal | 0,97 km² | ||
Folketal | 726 (2023) | ||
Folketettleik | 748 / km² | ||
Postnummer | 2634 FÅVANG | ||
Preposisjon | i Fåvang | ||
Ferdselsårer | E6 Dovrebanen | ||
Fåvang 61°27′20″N 10°11′40″E / 61.45555556°N 10.19444444°E | |||
Wikimedia Commons: Fåvang |
Fåvang sokn
endreSåvang sokn har drygt 1 200 innbyggjarar og femnar om bygdene på begge sider av Gudbrandsdalslågen, frå Tromsa og Moelva i nord til grensa mot Lillehammer kommune i sør. Soknegrensa langsmed Tromsa delar tettstaden Fåvang i to omtrent like store partar, slik at den nordre delen høyrer til Ringebu sokn. Fåvang kyrkje frå 1630 ligg fire kilometer sørom tettstaden.
Fåvang tettstad
endreTettstaden har 726 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg ein mil sørom Ringebu og fem mil nordom Lillehammer, på austsida av Gudbrandsdalslågen. Som nemnt ovanfor er staden delt av elva Tromsa i ein nordleg del som høyrer til Ringebu sokn og ein sørleg del som høyrer til Fåvang sokn. Tettstaden har vakse fram som stasjonsby etter at Fåvang stasjon ved Dovrebanen blei opna i 1896. Stasjonen ligg på vestsida av Lågen og heitte fram till 1921 Myre stasjon.
Folketalsutvikling i tettstaden Fåvang | ||||
---|---|---|---|---|
År | Innbyggjarar | |||
1920 | 169 | |||
1930 | 167 | |||
1946 | 309 | |||
1950 | 352 | |||
1960 | 584 | |||
1970 | 644 | |||
1980 | 743 | |||
1990 | 726 | |||
2000 | 698 | |||
2009 | 687 | |||
2012 | 686 | |||
Kjelder: |
På vestsida av Lågen, kring tre km. frå Fåvang sentrum ligg Kvitfjell alpinanlegg. Kvitfjell var arena under Lillehammer-OL i 1994. I Kvitfjell vert det arrangert verdscuprenn i super-G og utfor kvar vinter.
Lågen byr på eit godt fiske.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Fåvang» frå Wikipedia på bokmål, den 26. september 2008.
Bakgrunnsstoff
endre- Eldre fototgrafi frå Fåvang på nettstaden til NasjonalbiblioteketDenne geografiartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.